Leiar risikogruppa FX E39

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedStavanger eller Oslo evt. etter avtale
Søknadsfrist27.09.2015

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett. Vil du vere med?

Fjordkryssingsprosjektet i Ferjefri E39 søker etter Leiar for Risikogruppa.

Fjordkryssingsprosjektet er Statens vegvesen si særskilde eining for utvikling av brukonsept for ekstreme fjordkryssingar. Vi jobbar blant anna med utvikling ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden og Sulafjorden, og etter kvart står også dei andre fjordane langs E39 står for tur. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen. Vi trur at det er mogleg å ta med seg erfaringar som er opparbeida offshore til arbeidet med bruene vi no skal bygge.

I Fjordkryssingsprosjektet er vi allereie 25 personar som jobbar med prosjektet på fulltid. Av desse er ti i Stavanger, ein i Bergen og tre i Leikanger. Vi har òg medarbeidarar i Oslo, Skien, Molde, Trondheim og Hamar. Arbeidsstad for denne stillinga er primært Stavanger eller Oslo, men vi er opne for å diskutere andre løysingar dersom du er svært erfaren og har rette kompetansen. Skriv difor i søknaden kor du helst vil jobbe.

Vi vil at du skal vere med oss og lede arbeidet knytta til blant anna Risikostyring, Teknologikvalifisering og RAMS i Fjordkryssingsprosjektet.

Ansvar og arbeidsoppgåver vil bli

  • Leie risikogruppa i Fjordkryssingsprosjektet/Ferjefri E39(i dag 5 medarbeidarar)
  • Ansvar for faglig utvikling av medlemmene i risikogruppa
  • Ansvarlig for vidareutvikling og implementering av risikogruppa sine fagfelt Risikostyring, Teknologikvalifisering og RAMS for Ferjefri E39
  • Medverking i utarbeiding av handbøker innan fagfelta
  • I tillegg ansvarlig for risikoanalyser for skipsstøt mot brukonstruksjonar
  • Fagleg og kontraktsmessig oppfølging av konsulentoppdrag knytt til gruppa sine fagfelt som nemnt ovanfor
  • Følge opp eksisterande og sette i gang nye FoU-prosjekt knytt til dei same fagfelta
  • Samhandling med resten av Fjordkryssingsprosjektet
  • Samhandling med dei andre risikomiljøa i Etaten

Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift. Det er viktig for oss å spre den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet. Vi samarbeider med universiteta NTNU, Chalmers og UiS om forskingsprosjekt, og vi er opne for å tenke PhD saman med deg om du ynskjer det.

Vi søkjer deg med

  • Mastergrad eller doktorgrad innan risikoanalyser, risikostyring eller anna relevant fagfelt
  • Minimum 10 år relevant erfaring
  • Erfaring med risikoanalyser for veg og tunnel
  • Erfaring med risikoanalyser for skipskollisjoner eller liknande problemstillingar
  • Erfaring med eit eller fleire av temaa risikostyring, teknologikvalifisering og RAMS er og ein stor fordel
  • Erfaring med å lede team/prosjekt eller liknande

Vi legg vekt på at du

  • er initiativrik og sjølvdriven i arbeidet
  • engasjerer og skaper entusiasme blant kollegaene dine
  • har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har høve til å kunne reise i jobben
  • har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • høve til vidareutdanning

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

SØK HER

Kontaktperson:
Mathias Egeland Eidem
mob: 92213446