Prosjekteringsleiar E39 Hove-Ålgård

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist27.09.2015

Statens vegvesen søkjer prosjekteringsleiar til prosjektet E39 Hove-Ålgård

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av E39 Kyststamvegen og no konkret strekninga Hove-Ålgård.

Prosjektet er underlagt prosjektorganisasjonen for Ryfast-prosjektet og er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger. Stillinga er fast i Statens vegvesen, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

E39 Hove-Ålgård inneber 14 km med ny 4-feltsveg frå Hove i Sandnes kommune forbi Ålgård i Gjesdal kommune. Prosjektet omfattar både tunnelar, veg i dagen og planskilte kryss. Det er no i reguleringsfasen. Aktuell byggjestart er førebels anslått til 2019.  

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein prosjekteringsleiar som kan løyse utfordringane i eit stort byggjeprosjekt. God fagleg tyngd frå planlegging og prosjektering er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både kommunar, sektoretatar, grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og andre relevante samarbeidspartnerar på ein god måte.

  • hovudansvar for planlegging og prosjektering inkl. byggjeteikningar
  • rapportering og tett samarbeid med prosjektleiar og etter kvart byggeleiarar for vegentrepriser
  • veg- og trafikkfaglig, framdriftsmessig og økonomisk oppfølging av kontraktar med konsulentar
  • tekniske avklaringer
  • handtering av fråvik, tillegg og endringar

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Kanskje har du allereie vore leiar for prosjekteringskontraktar på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.

Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

SØK HER

Vis flere stillinger: