E39 opnar for banebrytande forsking

Storsatsinga med ferjefri E39 opnar for unik forsking og etablering av sterke fagmiljø.

Over 40 doktorgradar eller post doc er no i gang. Av desse forskingsprojekta er 31 heilt eller delvis er finansiert av Statens vegvesen. Med i samarbeidet er blant anna fleire private firma, svenske Trafikverket, svenske Vetenskapsrådet, Chalmers tekniske högskola i Gøteborg, NTNU i Trondheim og Universitetet i Stavanger.

– Det er kjempespennande å ha vore med på å sette i gang alt dette. Her er det sjølvsagt mykje som går på fjordkryssingane med dei ekstreme konstruksjonane som skal byggast der, men det er også studie knytt til miljø, energi og samfunnsnytten av utbygginga på Vestlandet, seier prosjektleiar Kjersti Kvalheim Dunham til vegvesen.no.

Unike fagmiljø

Ein av dei tinga Dunham er særleg entusiastisk over er at nokre av prosjekta er såkalla post doc, det vil sei at folk som er ferdig med sin doktorgrad jobbar vidare ved universitetet og kan bidra til å utdanne fleire studentar og nye doktorrandar.

– Desse knyt til seg studentar på bachelor- og mastergradsnivå. På den måten får vi eit skikkeleg løft gjennom større fagmiljø og kompetanse. Statens vegvesen får god valuta for pengane vi investerer. Vi får eit solid stykke arbeid utført og får fotfeste på universiteta. Samstundes får vi store samla fagmiljø i staden for, som tidlegare; å ha ein doktorgrad her og der, slik at det berre er enkeltpersonar som sit på kunnskapen, fortel Dunham.

Ynskjer oljeingeniørar velkomne

Dei faglege utfordringane og mange nye doktorgradsstipendiatane gjer Statens vegvesen til ein spennande og attraktiv arbeidsplass der det skjer mykje nytenking og utvikling.
– Dette gjer at vi vil trekke til oss personar med høg kompetanse. Med nedgangstider i oljebransjen , ser vi at mange av dei som har blitt ledige eller er i ferd med å bli det, har kompetanse vi har god nytte av. Desse bør fylgje med på ledige stillingar her hos oss. For dei som jobbar i Vegvesenet er det ei fin moglegheit til å få vere med på å byggje lengre, breiare, djupare og høgare enn nokon gong før. Vi ser at ein kan ha eit forskingsprosjekt ved sidan av dei vanlege arbeidsoppgåvene. Det er krydder i kvardagen, særleg for nyutdanna som er teknologiinteressert, seier Dunham.

Internasjonal spydspiss

Dei mange prosjekta gjer Statens vegvesen til ein spydspiss nasjonalt og internasjonalt. Ferjefri E39 har fått merksemd både i EU og USA. Dette gjev utslag på fleire måtar.
– Tunge tekniske prosjekt gjer oss til ein interessant samarbeidspartnar for firma med store kompetansemiljø. Ulike forskingssenter vil gjerne forske saman med oss fordi vi er ein spennande forskingsarena. På den andre sida er store internasjonale entreprenørfirma interessert i å utføre oppdrag for oss, fordi vi har store kontraktar som det er mogleg for dei å tene pengar på.

Ferjefri E39 blir også tema under Teknologidagane i Trondheim (22.-24. september).