Trafikkteknikk

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist04.10.2015

I Vegavdeling Rogaland er det ledig fast stilling innan fagområde trafikkteknikk ved seksjon Plan og forvaltning i Haugesund.

Plan- og forvaltningsseksjonen består i dag av 14 tilsette på kontorstaden Haugesund. Seksjonen har ansvar for sakshandsaming i samsvar med veglov, plan- og bygningslov, planarbeid og ei rekke andre trafikksikkerheitsoppgåver, som blant anna fartsgrenser, skilting, automatisk trafikkontroll og registrering av trafikkdata. Seksjonen arbeider tett mot kommunar og fylkeskommune og representerer eit samansett fagmiljø med store mulegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Vurdering og godkjenning av skiltplaner
  • Delta i samarbeidsgrupper med kommunar og politiet angåande skilting
  • Gjennomføre høyringar og skiltvedtak
  • Vegteknisk vurdering/sakshandsaming av eksterne og interne areal- og vegplanar
  • Sakshandsaming med heimel i Plan og bygningslov og Veglov
  • Ymse forvaltningsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

Vi søkjer deg med bachelor- eller mastergrad, innafor relevant fagområde.

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • Erfaring innanfor arealplanlegging og samferdsle i offentleg eller privat sektor
  • Erfaring med, og interesse for, veg-, gange-, sykkel- og kollektivtiltak
  • Interesse for trafikksikkerheitsarbeid
  • God kommunikasjonsevne munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner

For deg som har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

Personlege eigenskapar som blir vektlagt:

  • God kommunikasjonsevne.
  • Gode evner til samarbeid.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Gode evner til å ta initiativ og vere kreativ
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Vi tilbyr:

  • Interessante arbeidsoppgåver i ein organisasjon med stort fagmiljø, med gode høve for personleg og fagleg utvikling.
  • Vi har fleksibel arbeidstidsordning og gode velferdstilbod.
  • Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Den vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse

Ein god og mangfaldig arbeidsplass Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søknad Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk på jobben her

Kontaktpersonar:
Ivar Thorkildsen
tlf: +47 51911713
mob: +47 97676661

Vis flere stillinger: