Nytt håp for skipstunnelen

Fiskeriminister Svein Ludvigsen ga ny næring til trua på Stad skipstunnel, men trur ikkje bygginga kan starte før i 2004. Dette sa han da han vitja Selje sundag, skriv Sunnmørsposten.

- Det er lett å finne mange gode argument for dette prosjektet, sa han. Før besøket varsla statsråden at den einaste lovnaden han ville kome med var at han ikkje ville love nokon ting. Men signala var altså heilt klare: - Dette er eit prosjekt som har så store verdiar at det er viktig å sikre brei politisk støtte, difor må de gjennom alle moglege kanalar søke å få politisk støtte, oppfordra han tilhøyrarane. Han omtala det som eit stort, viktig og godt prosjekt, og trakk seg sjølv gjerne inn i vi'et som no skal arbeide vidare for å få prosjektet i hamn, eller rettare; i tunnel. Tilråding før sommaren Av alle dei frammøtte som tok ordet var alle for prosjektet. Signala frå statsråden var mest som musikk for øyrene deira. Men han formilda også realisme. - Eg forstår at besøket mitt skaper forventningar, men eg vil ikkje skape unødige forventingar, sa han. Statsråden har nemleg ingen tru på at bygginga av tunnelen kan kome i gang før på byrjinga av året 2004. Og først skal prosjektet gå gjennom nålauget i Stortinget. - De må ikkje undervurdere prioriteringa Stortinget må gjere i ei investering i ein halv til ein milliard kroners klassen, sa Ludvigsen. Han lova å legge fram ei tilråding for Stortinget før sommaren og etter besøket i Selje kan tilrådinga vanskeleg bli anna enn positiv. Ikkje større Eitt spørsmål som ofte har blitt drøfta i samband med den planlagde tunnelen er storleiken, og då særskilt høgda. Tidlegare hurtigruteskipper Audun Dybedal meiner tunnelen bør vere 40 meter høg for å gi plass mellom anna til den nyaste hurtigruta. - Verken eg eller du vil leike St. Peter og stå ved Moldefjorden og seie «nei, du er for høg til å kome gjennom tunnelen», sa han. Statsråden åtvara mot å arbeide for å auke høgda prosjektet no. - Eg vil vurdere prosjektet slik det ligg i dag, men vil ikkje gå inn for eit prosjekt som er kostnadssikra innanfor 25 prosent. Ikkje undervurdere effekten av å sprenge milliardgrensa, sa Ludvigsen. Som sa klart at han meiner Stad skipstunnel ikkje blir for alle, men for dei mindre båtane. No eller aldri Laurdag skreiv Sunnmørsposten at tunnelsaka er sett under lupa igjen. Bakgrunnen er at departementet det siste året har bedt om fleire trafikktal, og desse tala skal no ligge på bordet. - Vi kan berolige alle med at vi no har alle tala vi treng på bordet, og det blir ikkje aktuelt med å innhente nye opplysningar i saka, seier Ludvigsen. Stortingsrepresentant Sverre Hoddevik skaut prøvesalver under valkampen for tunnelen. For han er det difor svært viktig å få partifellen og fiskeriministeren med på å bygge tunnel. - Dette er ein korrekt statsråd som skal presentere resultatet seinare, og difor må vi lese synspunkta ut av omtale og kroppsspråk. Ut frå det eg har sett og høyrt i dag meiner eg det er grunn til å vere nøgd, seier han. At Hoddevik sjølv sit i Samferdselskomiteen og at fleire andre politikarar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal sit i sentrale verv bør ikkje minke sjansane for prosjektet. - Eg trur vi har nådd eit kritisk punkt. Klarer vi ikkje dette no, klarer vi det aldri. No har vi funne pakken som gir den beste brøken, seier han.