Vi søkjer kontrollingeniørar tunnel til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist01.10.2015

Vi søkjer kontrollingeniørar tunnel til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Som kontrollingeniør i Statens vegvesen er du med å sikre at byggjeprosjektet vårt held høg kvalitet. Innan fagområdet tunnel vil du følgje opp den tekniske kvaliteten på det arbeidet entreprenøren utfører i tunnelane. Tunneldriving vil på det meste føregå frå opptil 10-12 stuffer samstundes og innreiing av tunnelane utførast delvis parallellt. Det er sett krav til maksimal innlekkasje, og injeksjon er forventa på deler av strekningane.

Prosjektet skal tilsette 3 kontrollingeniørar med oppstart januar 2016, og ytterlegare 3 kontrollingeniørar frå sommeren 2016. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen. Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet vinteren 2015/2016

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av kartlegging og dokumentasjon av fjellkvalitet og stabilitetsvurderinger av fjellskjæringer og påhugg
  • Oppfølging av injeksjonsarbeid
  • Oppfølging av byggherrens kontrollplan og sørge for at kontrollar vert gjennomførd
  • Bistå med handsaming av endringar og avvik
  • Medverke i den daglege kontakt med alle offentlige etater, naboar og andre som blir berørt av anleggsarbeida

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Kanskje har du allereie arbeidd på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant. Erfaring frå oppfølging av tunneldriving, injeksjonsarbeid, sikring og etterarbeid er ønskeleg.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, helst innan ingeniørgeologi eller andre geologiske fag. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi søkjer etter målretta og sjølvstendige personar som har evne til systematisk arbeid.Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold både internt og ut mot våre samarbeidspartnarar. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.

Du har også førerkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

SØK HER

Vis flere stillinger: