Får bygge Dagslått kraftverk

NVE gjev Bekk og Strøm AS løyve til å bygge Dagslått kraftverk i Brønnøy kommune i Nordland. Kraftverket vil produsere om lag 4,3 GWh per år. Dette svarer til straumbruken til 215 husstandar.

 NVE legg vekt på at ei utbygging av Dagslått kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med små effektar for miljø og brukarinteresser.

Utbygginga vil nytte eit fall på 168 meter i Dagslåttelva. Vassvegen skal bores i øvre del, medan nedre del skal vere nedgraven røyrgate.

For å ta vare på landskap og naturverdiar knytt til elva, er det sett krav om ei minstevassføring i Dagslåttelva på 35 l/s heile året.

Med dei fastsette vilkåra, meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE løyve til bygging av Dagslåttelva kraftverk.