Planleggingsleiar for Førdepakken

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist07.09.2015

Vil du styre planprosjekt i Statens vegvesen? Planseksjonen på Leikanger treng planleggingsleiar til utarbeiding av reguleringsplanar for Førdepakken.

Førdepakken består av i alt 20 bompengefinansierte tiltak i og omkring Førde sentrum. Her vil det bli nye køyrevegar, nye gang-/ og sykkeltiltak og opprusting av eksisterande vegnett med tilrettelegging for gåande og syklande. Det skal samla investerast for 1,5 mrd. kroner.

Planseksjonen høyrer til Ressursavdelinga i Region vest som totalt har eit samla fagmiljø med 280 medarbeidarar. Vi utfører veg-, gate- og tunnelplanlegging på store og små prosjekt i eigen regi eller ved bruk av konsulentar. Vi søkjer etter planleggingsleiar til vårt tverrfaglege planmiljø på regionkontoret i Leikanger. På planseksjonen på Leikanger er vi 18 medarbeidarar innan fagområda prosjektleiing, veg, landskap, naturmangfald og arkeologi.

For å få utarbeidd reguleringsplanar for tiltaka i Førdepakken dei komande to åra, vil det bli oppretta ei intern planprosjektgruppe med fagansvarlege for kvart aktuelt fagfelt og med 2-3 planleggingsleiarar som koordineringsansvarlege. Du som planleggingsleiar vil også ha ansvar for å ha god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartar og for innkjøp og styring av konsulentoppdrag.

Når planprosjektet er avslutta vil din kompetanse bli nytta på andre utfordrande oppdrag i regionen. Dette vil og vere tilfelle om planarbeidet skulle stoppe opp eller bli utsett.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse:

  • vegplanlegging
  • styre planprosjekt (planleggingsleiing)
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • reguleringsplanlegging
  • sakshandsaming etter plan- og bygningslova

Kvalifikasjonskrav:

  • minimum 4 år frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå
  • ønskjeleg med erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • krav om erfaring frå eit eller fleire av følgjande fagområde: arealplanlegging, planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar eller trafikkplanlegging
  • ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)
  • Det er ønskjeleg at søkjar har førarkort kl. B
  • Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi ynskjer at du er:

  • Glad i faget ditt og resultatorientert
  • Kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • God til å samarbeide med andre
  • Analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar
  • Flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling