Slik blir nettverksbogebrua som skal byggjast i Sogndal. Ill: Statens vegvesen

Loftesnesbrui i Sogndal ute på anbod

Tilbodskonkurransen på rv. 5 Loftesnesbrui i Sogndal er no i gang. Frist for å kome med tilbod er 24. september, og prosjektleiar Gunnar Solbakken håpar på kontraktsignering tidleg i november

- Dette er ein milepel for Loftesnesbrui. No går me frå ein lang fase med planlegging og prosjektering og over i anbodsfasen som leiar fram mot anleggsstart. Det er svært gledeleg at me no har fått ut papira som er grunnlaget for entreprenørane sitt arbeid, og me er spente på mottakinga prosjektet får blant dei som kan gjere jobben for oss, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken til vegvesen.no.

Synfaring for interesserte

18. august blir det tilbodskonferanse i Sogndal. Då får interesserte entreprenørar ta prosjektet i nærmare augensyn og stille spørsmål, før dei jobbar vidare med sine priskalkyler fram mot eit endeleg tilbod i slutten av september.

Kontrakten omfattar bygging av ny 194 meter lang nettverksbogebru over Loftesnessundet i Sogndal, med ei stålmengde på rundt 1250 tonn. Brua har to fundament i sjø med totalt 28 stålpelar, og det skal byggjast overbygning med betongdekke.

Ny rundkøyring

I tillegg omfattar arbeidet utbetring av veg i tre retningar, ny rundkjøring med spesiell utforming grunna utfordrande grunnforhold, samt 10000 m³ med fylling og plastring i sjø på Sogndal-sida. Det skal også opparbeidast eit nytt landområde på Loftesnes med rundt 40000 m³ masse.

Eksisterende bru skal forsterkast i byggeperioden, og rivast når trafikk er ført over på ny bru.

Den gamle Loftesnesbrui, ei stålfagverksbru på 210 meter og med ei seglingshøgd på 15 meter, var i si tid Sogn og Fjordanes lengste bru. Det er slått ned tre prøvepelar som skal brukast i bygginga av den nye brua. (Arkivfoto: Arve Brekkhus)