Kommunikasjonsrådgjevar i Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist30.08.2015

Kommunikasjonsstaben har frå 1. januar 2016 ledig 100 % fast stilling som Kommunikasjonsrådgjevar i Bergen

Kommunikasjonsstaben i Statens vegvesen Region vest er av dei største og meste kompetente fagmiljøa for kommunikasjon på Vestlandet. Kommunikasjonsrådgjevarane her har mange og viktige roller for at organisasjonen skal nå sine overordna mål. Vi har tilsett spesialistar, strategar, kompetansebyggjarar og produsentar i ein stab på 13 medarbeidarar. Til vår operative prosjektverksemd treng vi ein person som kan fylle rollene som både strateg og produsent.

Ein strateg hos oss

  • tenkjer heilskapleg og langsiktig på kommunikasjonsarbeidet
  • utarbeider og følgjer opp kommunikasjonsstrategiar- og planar
  • evnar å lese og vere oppdatert på kva som rører seg i relevante omgjevnader

Produsentar i kommunikasjonsstaben har desse hovudoppgåvene:

  • utarbeide pressemateriale, nærinformasjon, brosjyrar og annonsetekstar for vegprosjekt
  • lage og publisere nyhendesaker- og meldingar på nettsidene og i sosiale medium
  • foto/video (inkludert redigering)

Du som blir tilsett kjem hovudsakleg til å arbeide med kommunikasjon på pågåande vegprosjekt og prosjekt som er under planlegging. Du må difor rekne med å reise litt. I tillegg vil du ta del i medievaktordninga som kommunikasjonsstaben har ansvaret for. Vi søkjer deg som har relevant utdanning på masternivå og erfaring med kommunikasjonsarbeid. Lang erfaring kan eventuelt vege opp for kravet til utdanning. Du ønskjer å bidra med og til ein open, truverdig og tydeleg kommunikasjon. Arbeidskapasiteten din er stor, og du er flink til å samarbeide og skape gode relasjonar. Arbeidsstad er vårt nye kontorbygg i Nygårdsgaten i Bergen. Løn blir avtala nærmare i samsvar med vår lønspolitikk.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no). Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktperson:
Arne Eithun
tlf: 57655904
mob: 97055223

Vis flere stillinger: