Løyve til Fiskløysa kraftverk

NVE gjev løyve til Skogkraft AS til å byggje Fiskløysa kraftverk i Lierne kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 16,4 GWh per år. Dette svarer til straumbruken til 820 husstandar.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Fiskløysa kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser.

Utbygginga vil nytte fallet mellom 502 moh og 316 moh i Fiskløysa. Vassvegen skal gravast ned på heile strekninga. Det skal byggast veg frå dagens skogsbilveg til inntaket og til kraftstasjonen.

For å ta vare på verdiar knytt til akvatisk miljø og landskap, er det sett krav om å sleppe ei minstevassføring i Fiskløysa på 300 l/s i sommarsesongen og 100 l/s resten av året.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fiskløysa kraftverk