Arealplanleggar/planprosjektleiar - planseksjonen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist23.08.2015

I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling for arealplanleggar/planprosjektleiar ved planseksjonen i Bergen. Vi søkjer etter ein medarbeidar med erfaring innanfor veg- og/eller arealplanlegging. Planprosjektleiing kan bli lagt til stillinga.

Statens vegvesen i Bergen flyttar inn i heilt nye lokale i Nygårdsgaten 112 den 12.oktober 2015. Her stoppar Bybana like ved døra.

Planseksjonen er eit samla fagmiljø med nærare 100 medarbeidarar i regionen. Vi har kontor i Leikanger, Bergen og Stavanger. Planseksjonen løyser prosjekta via eigenplanlegging eller bruk av konsulentar, og vi utfører i hovudsak planprosessar etter Plan- og bygningslova (kommune- og reguleringsplanar), samt utgreiingar og analyser. Vi utfører veg- og gateplanlegging på store og små investeringsprosjekt i regionen på ulike plannivå. Prosjekta varierar frå store veganlegg til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m.

Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse:

  • arbeid med regulerings- og kommunedelplanar 
  • konsekvensutgreiingar 
  • samordning av bidrag til og skriving av rapporter 
  • tema nærmiljø 
  • innkjøp og styring av konsulentoppdrag ved behov 
  • involvering og god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartnarar 
  • yte intern fagleg bistand

Kvalifikasjonskrav:

  • utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå, min. 5 år. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet 
  • minimum 2 års relevant erfaring
  • For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.
  • Det er vidare ønskjeleg at du har: 
  • erfaring med planlegging etter PBL 
  • gode kommunikasjonsevner 
  • evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver 
  • evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv 
  • vilje til å gjennomføre oppgåver

Ein god og mangfaldig arbeidsplass
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidaranes rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har rom for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte. Vi tilbyr løn etter nærare avtale. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Søknad
Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert difor oppfordra til å søkje stillinga. Personar med redusert funksjonsevne vert også oppfordra til å søkje stillinga. Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, krev vi at den er/vert godkjend av NOKUT.

Kontaktperson
Meir utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakta seksjonsleiar Wilhelm Lund, mailadresse wilhelm.lund@vegvesen.no

Søk her

Vis flere stillinger: