Firma | Statens vegvesen Vegdirektoratet |
Fylke | Oppland |
Sted | Lillehammer |
Søknadsfrist | 31.07.2015 |
Vi søkjer kontorleiar til fast stilling ved Norsk vegmuseum. Organisatorisk ligg Norsk vegmuseum til HR- og administrasjonsavdelinga i Vegdirektoratet, og er Statens vegvesen sitt etatsmuseum, underlagt Samferdselsdepartementet.
Stillinga inneber leiaransvar og drift av dei tre fageiningene ved museet; forsking, bevaring og formidling. Du må tidvis rekne med at du må gje faglege leveransar til formidlings-, forvaltnings- og forskingsprosjekt.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Leiaransvaret inneber:
- Leie arbeidet i einingene; koordinering og oppfølging av fageiningene sine aktivitetar, leveransar og utvikling.
- Personal- og budsjettansvar for egen eining. Ansvar for budsjett, årsplanar, årsmelding, HMS og fagleg strategi.
- Det er tillagt personalansvar til stillinga, og kontorleiar rapporterer direkte til museumsdirektøren.
- Prosjektansvar
Krav til kvalifikasjonar
- Du må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Relevante fag, forutan leiing, kan vere humaniora eller kjøretøy-/maskinteknisk fagkrets. Omfattande og relevant leiarrøynsle og røynsle innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Brei leiarerfaring med personalansvar frå museale, medie- og/eller forskingsmiljø.
- Røynsle innan historisk kjeldemateriale, arkiv, research, publisering og formidling.
- Kjennskap til Statens vegvesen sine IKT-system og Nasjonal Verneplan er ein fordel.
Vi legg vekt på
Gode leiar- og styringsevner, med evne til å leie og motivere ulike faggrupper/miljø mot felles mål. Vi vil leggje vekt på evna til å ta initiativ, og at vedkomande kan arbeide strukturert, sjølvstendig og effektivt. Vidare vil fagleg integritet, presisjon og gjennomføringsevne vere av betyding. Organisasjonsforståing og evne til kommunikasjon mellom interne og eksterne miljø vil vi vektleggje høgt.
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- etatsskular og høve til fagleg påfyll
- triveleg arbeidsmiljø på Norsk vegmuseum på Hunderfossen
Løn blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kontaktperson:
Museumsdirektør Geir Stormbringer, tlf. 47 23 83 14.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vert i så fall varsla om dette.
Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb - ledige stillingar i Vegdirektoratet innan 31. juli 2015.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Vegdirektoratet, Lillehammer
- Fylke Oppland