Kontrollingeniør arbeidsvarsling

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist23.08.2015

I Statens vegvesen Region vest, Vegseksjon Bergensområdet, er det ledig stilling som kontrollingeniør. Seksjonen realiserer store og små investeringsprosjekt, samt drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og kommunane rundt Bergen(alt som byggherre). Vi er i dag om lag 50 tilsette.

Hovudarbeidsgåver i stillinga vil vere knytt til handsaming av søknader om graveløyve frå private, offentlege instansar, samt entreprenørar, og tilhøyrande arbeidsvarsling. Du skal vurdere trafikkløysingar i dei innsende arbeidsvarslingsplanane, i samband med arbeid på og ved veg, rettleiie søkjarar om den tekniske løysinga, godkjenne søknadane, samt å utføre kontrollar ute på vegen.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins, gjerne innan trafikkteknikk eller vegfag. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege eigenskapar for stillingane, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Personlege eigenskapar vi vil vektlegge:

  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktarbeid
  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • God samarbeidsevne og tverrfaglig interesse
  • Trivs med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Kontaktperson:
Arild Hegrenæs
tlf: +47 55516227
mob: +47 95088756

Vis flere stillinger: