Sekretariatsleiar Bymiljøpakke Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist06.09.2015

Vil du vere med å forme framtidas Bergen og gjennomføre ei av dei største satsingane på samferdsle i landet?

Bymiljøpakke Bergen er ei forlenging og vidareutvikling av dagens Bergensprogram for transport, byutvikling og miljø og vil vere basert på nasjonale føringar for transportutforminga i dei fire største byane i landet.

Innafor rammene av Bymiljøpakke Bergen vil store og sentrale infrastruktur- og samferdselstiltak i Bergen bli finansiert og realisert i åra som kjem. Vidare utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane vil vere ein sentral del av Bymiljøpakken.

Bypakken vil ha hovudmålsetting om nullvekst i personbiltrafikken i byområdet og god framkomst for alle trafikantgrupper, der hovudvekta er på kollektiv, sykkel, gange og næringstransport. For å nå desse måla er det naudsynt med ei offensiv satsing på kollektiv, sykkel og gange, men og på sentrale investeringar i vegtiltak som vil betre tilhøva for dei mjuke trafikantgruppene i det sentrale Bergen.

Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Jernbaneverket og Statens vegvesen skal opprette eit administrativt sekretariat for å legge til rette for god gjennomføring av bypakken og vi søkjer no etter ein leiar for dette sekretariatet.

Di rolle:

  • Du etablerer og leiar eit sekretariat tilpassa styringsgruppa sitt behov for eit felles apparat for gjennomføring av Bymiljøpakke Bergen. Du har det daglege ansvaret for oppfølging av dei andre sekretariatsmedarbeidarane.
  • Sekretariatet skal førebu beslutningsgrunnlag og styringsdokument for styringsgruppa og partane i Bymiljøpakken. Sekretariatet skal gjennomføre nødvendige utgreingar, lage system for porteføljestyring og risikovurderingar, samt sikre nødvendig rapportering til kommune, fylkeskommune og stat.
  • Sekretariatet skal legge til rette for godt samarbeid og god koordinering av arbeidet med å gjennomføre pakken i utførande etatar og organisasjonar. Sekretariatet skal også bidra til god koordinering med andre viktige oppgåver knytt til samordna areal- og transportplanlegging i byområdet.

Leiaren skal rapportere til Styringsgruppa for Bymiljøpakke Bergen, som består av fylkesordføraren i Hordaland, Byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen, jernbanedirektøren og vegdirektøren.

Vegdirektøren leiar styringsgruppa og Fylkesmannen i Hordaland har ei observatørrolle. Sekretariatet skal støtte styringsgruppa og ansvarlege partar med god styring av prosjektportefølje i den kommande bypakken.

Stillinga er knytt til Statens vegvesen Region vest, men tilsettinga skjer etter innstilling frå styringsgruppa. Arbeidsplass er i Bergen.

Bakgrunn og ønska kvalifikasjonar:

Vi ser etter deg som har høgare utdanning, min. 5 år og erfaring frå prosjektleiing og prosesstyring. Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til prosjektstyrings- og leiarkompetanse og samarbeid med administrative og politiske organ på alle nivå. Du bør ha god kunnskap om administrative og politiske prosessar generelt og erfaring frå samfunns- og transportplanlegging spesielt.D ersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Som leiar er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og viser handlekraft gjennom fagleg styrke. Du er analytisk, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre. Det er eit pluss om du også er flink til å skape eit godt arbeidsmiljø. Gode kommunikasjonsevner og høg grad av integritet og objektivitet er viktig for denne leiaroppgåva.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi tilbyr:

  • Utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og moglegheit til lån i Statens pensjonskasse

Løna blir avtala nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi leggvekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar: 

Fylkesrådmann Rune Haugsdal
mob: +47 94500337

Kommunaldirektør Ann Iren Fagerbakke
mob: +47 95849540

Regionvegsjef Helge Eidsnes
mob: +47 95894100

Vis flere stillinger: