Større kuldeanlegg i for eksempel næringsbygg, dagligvarehandel og industri vil typisk bli berørt av dei reviderte reglane om HFK – gassar frå EU. Illustrasjonsfoto: Miljødirektoratet

Reguleringa av HFK-gass i kuldeanlegg vert innskjerpa

EU har innført ei ny regulering som innskrenkar bruken av sterke klimagassar i kjøleanlegg og varmepumper.

Reguleringa berører mange av hydrofluorkarbongassane (HFK) som er vanlege i større kjøleanlegg i dag. Det er viktig at eigarar av slike anlegg også i Noreg tek høgde for dette når dei vurderer nye investeringar.

Dei fleste luftkondisjonerings-anlegg, varmepumper og større kjøle-/fryseanlegg nyttar i dag hydrofluorkarboner (HFK-gassar) som kuldemedium. Dette er relativt sterke klimagasser som ein ønskjer å redusere utsleppa av, skriv Miljødirektoratet på sine nettsider.

Innført i EU
Bruken av desse gassane er derfor i dag regulert gjennom blant anna EU- forordning 842/2006 som Noreg har implementert i kapittelet 6a i produktforskrifta.

Ein revidert og innskjerpa versjon av denne forordninga (EU nr. 517/2014) er no innført i EU. Målet er å minske bruken av HFK-gassar dramatisk. Dei reviderte reglane skal utløyse omstilling til meir klimavennlege kuldemedium så som naturlege, ikkje syntetiske kjølemidlar eller neste generasjon HFK med svakare klimaeffekt.

Forordninga er vurdert å vere EØS-relevant, men EØS-avtalen opnar for tilpassingar av forordninga til norske forhold. Det er enno ikkje avklart i detalj korleis den nye forordninga vil bli implementert i Noreg, men det må forventast at dei viktigaste konsekvensane av denne forordninga for bransjen også vil gjelde her.

Forboden om få år
Ifølgje den nye forordninga skal forbod mot ny installasjon av anlegg med kuldemedium med dei sterkaste HFK-gassane og restriksjonane på etterfylling av anlegg som nyttar desse, bli fasa inn over dei neste åra.

Dersom ein planlegg å investere i nye kjøleanlegg, må ein ta høgde for at om fem år, vil det ikkje lenger vere lov å etterfylle desse med HFK-gassar eller blandingar med globalt oppvarmingspotensial over 2500. Blant anna vil dette gjelde bruk av R404a og R507.

Mangel og auka prisar
Forordninga har også ein del andre krav så som at marknadstilgangen for desse gassane i EU skal reduserast med nesten 80 prosent fram til 2030. Det tyder at dersom ein har anlegg som nyttar desse gassane, så bør ein allereie no førebu seg på at det kan bli mangel og auka prisar på slike kuldemedium allereie omkring 2018-2020.

Innskjerpinga i reglane vil mellom anna berøre større anlegg i for eksempel dagligvarehandel, næringsbygg og industri.

Krava til lekkasjetesting av større anlegg er vidareført og også til dels innskjerpa med det reviderte regelverket. Det same er krava om at teknisk personell som handterer slike anlegg, skal vere sertifisert.