Prosjektleiar til Ferjefri E39 Bjørnafjorden

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedFyllingsdalen
Søknadsfrist07.06.2015

Ved Prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som Prosjektleiar knytt til arbeidet med Ferjefri E39 Bjørnafjorden i Hordaland. Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Arbeidet med overordna planlegging av strekninga frå Bokn kommune i Rogaland til Os kommune i Hordaland pågår som eige prosjekt. I dette prosjektet vil vi no byggje opp ein delorganisasjon som seinare skal stå som byggherre for kryssinga over Bjørnafjorden. I den fasen planprosjektet er no så vil byggjeprosjektet først bli eit delprosjekt under planprosjektet inntil nødvendig løyving er på plass for prosjektering og bygging då det blir eit eige prosjekt.

Prosjektet vil, som delprosjekt, få ansvar for tilrettelegging, framdrift og koordinering av dei tekniske konstruksjonane for kryssing av Bjørnafjorden og Langenuen. I det ligg tett kontakt med det teknologisk miljøet som har ansvar for utvikling av kunnskap for å tilrettelegge for bygging. Prosjektet vil i byggjefase vere eige prosjekt. Kontorstad vil vere Bergen i planfasen, deretter skal det etablerast eit prosjektkontor på strekninga Osøyri i Os kommune til Leirvik i Strod kommune. Dette vil bli etablert seinare.

Som Prosjektleiar til Ferjefri E39 Bjørnafjorden vil du vere med frå planstadiet til og med bygging.

Arbeidsområde: Det er vedteke statleg plan på strekninga frå Bokn i Rogaland til og med Os i Hordaland. Planprosjektet arbeider med avklaringar og samordning overfor 7 kommunar, 2 fylke samt parallelle løp med utvikling av teknologi på fjordkryssingane. Du vil få ansvar, som delprosjektleiar under planprosjektet, for framdrifta av det som omfattar konstruksjonar på strekninga Leirvik til Osøyri. Prosjektet er det første av brukryssingsprosjekta på Ferjefri E39.

Du vil ha ulik rolle alt etter kva fase prosjektet er i. I planfase blir du lagt administrativt inn under prosjektleiar for planprosjektet Aksdal Bergen, mens du i byggjefase vil bli lagt direkte inn under Prosjektdirektøren i Region vest. Du vil måtte basere deg på tett samarbeid med teknologiprosjektet Fjordkryssingar som og ligg til Prosjektdirektøren i vest. I dei ulike fasane vil delprosjektet, som ein del av planprosjektet, ha si bemanning gjennom det før ein i byggjefase endar opp med at du byggjer opp ein eigen stab rundt deg til støtte i gjennomføringen (bygging).

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld leiarkompetanse og til di evne til samarbeid med administrative og politiske organ. I tillegg vert det rekna med at prosjektet vil ha stor interesse både innanlands og utanlands. Når prosjektet kjem i byggjefase, organisatorisk direkte underlagt prosjektdirektør for prosjektavdelinga i Region vest, får du ansvaret for kvalitet, framdrift og økonomi.

Kvalifikasjonskrav:

Vi forventar at du har teknisk utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, minimum 4 år, og at du har god kompetanse innan prosjektleiing og relevante fag. Dersom du har allsidig praksis innan dei aktuelle områda, og elles gode personlege føresetnader, vil dette blir særleg vektlagt i tillegg til kravet om formell utdanning.

Vi søkjer deg som ein initiativrik og resultatorientert person med erfaring frå leiing av større utbyggingar der du kjenner godt til prosessar knytt til gjennomføring både innanfor kontraktshandtering, formell saksgang og optimalisering av prosessar. Evne til koordinering og styring på framdrift vil vere svært viktig og du må ha gode referansar på det. Du bør vere utadvent, konstruktiv, ha evne til samarbeid og god kommunikasjon samt hente fram kunnskap i og utvikle medarbeidarane.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Lønnsvilkår:

Løn etter avtale i samsvar med etatens lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du vil vere med på eit spennande prosjekt, søkjer du stillinga via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb.

Spørsmål om stillingen?

Kjartan Hove

Telefon

57 65 57 08

Vis flere stillinger: