Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 04.06.2015 |
Statens vegvesen Region vest, Vegseksjon Bergensområdet, har ledig stilling som prosjektleiar.
Seksjonen løyser store og små investeringsprosjekt, samt driv vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og 7 tilstøytande kommunar. Vi er i dag om lag 55 tilsette, og har kontorstad i Fyllingsdalen. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.
Som prosjektleiar innan investeringsområdet vil du ha hovudansvar for å sikra at du gjennom dei ansvarlege byggeleiarane får ønska utvikling og framdrift når det gjeld tid, kostnad og kvalitet. Prosjektporteføljen består av ulike investeringsoppgåver med ein samla omsetning pr. år på mellom 100 -200 millionar kroner.
Arbeidsoppgåvene vil variere noko innan følgjande område, avhengig av erfaring og kompetanse:
- Samordning av prosjekta og ressursdisponering
- Utarbeide konkurransegrunnlaget aleine og i samarbeid med andre
- Kontakt med kommunar, eksterne etatar og grunneigarar
- Bidra til å nå etaten sitt mål innan HMS
- Planlegge og rapportere innan kvalitet, framdrift og økonomi
Kvalifikasjonskrav:
Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, helst med fagretning innan bygg og anleggstekniske fag. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
For å lukkast i stillinga vil det vere ein stor fordel med erfaring frå t.d prosjektarbeid, byggeleiing eller anna erfaring frå bygg og anlegg. Stillinga inneber i tillegg fagleg oppfølgingsansvar for ei gruppe på 5-8 tilsette.
Vi vektlegg:
- Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God samarbeidsevne og tverrfaglig interesse
- At du trivast med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.
Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Kontaktpersonar:
Arild Hegrenæs
tlf: +47 55516227
mob: +47 95088756
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland