Prosjektleiar drift

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist31.05.2015

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som prosjektleiar ved vegseksjon Sogn i avdeling Sogn og Fjordane med kontorstad i Leikanger. Vegseksjon Sogn har byggherreansvar for drift/vedlikehald og investeringsprosjekt på riks- og fylkesvegar i Sogn innanfor rammer gitt av regionen. Utover det utfører seksjonen diverse forvaltningsoppgåver knytt opp mot drifta av vegnettet.

Den som vert tilsett, får ansvar for driftskontraktane Indre og Midtre Sogn og elektrokontrakt Sogn. Vi ønskjer søkjarar med kompetanse/erfaring frå prosjektleiing og kjennskap til ordinær drift av vegnettet, men nyutdanna vil også bli vurderte. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein prosjektleiar som forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit variert driftsansvar. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa av to driftskontraktar og ein elektrokontrakt. God prosjektleiing av dei tre kontraktane er ein føresetnad, men det er viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Du skal

  • Gjennomføre prosjekta etter bestilling frå prosjekteigar
  • Følgje opp driftskontraktane
  • Ha ansvar for oppfølging av HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
  • Ha kontakt mot grunneigarar
  • Ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar
  • Ha kontakt med pressa

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år md relevant fagkrins. For søkjarar med 2 årig teknisk fagskule samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlege eigenskapar for stillinga kan kravet til utdanning fårvikast. Søkjarar må ha minimum førarkort kl.B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:

Eivind Yttri

tlf: +47 57655799

mob: +47 90830854