Filma brøyting av Geirangerfjellet med drone

Onsdag kl. 09 opnar Trollstigen, og kl. 12 opnar Geirangerfjellet. Se hvordan brøytingen ble gjort.

Sjå korleis brøytinga blei gjort via denne filmen.

Fv. 63 over Geirangerfjellet vil bli nattestengt den første natta frå kl. 22 til kl. 08 neste dag. Vidare nattestenging vil bli vurdert.

Det har vore mykje snø over Geirangerfjellet i år, men opningstidspunktet er normalt samanlikna med tidlegare år. Stavbrekkfonna har gått og vegen er no trygg.

- I år har vi ein ny entreprenør som har prøvd ut ein ny metode for brøyting, fortel seksjonsleiar Ole Jan Tønnesen. Det er Veidekke som har gjennomført jobben.

I Trollstigen har det vært normale mengder med snø. Tidlegare har isnedfall vore eit problem, men det har ikkje vore tilfellet i år.