Vikariat Arkitekt Bypakken

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist31.05.2015

Statens vegvesen har eit ledig vikariat som arkitekt for prosjekt i Bypakken Nord-Jæren - tidenes største satsing innanfor planlegging av kollektiv- og sykkelvegnettet på Nord-Jæren.

I Bypakke Nord-Jæren er det mange spennande og utfordrande oppgåver innan veg- og arealplanlegging. Statens vegvesen har ansvar for planlegginga av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda.

Vil DU vere med og utvikle samferdslenettet i regionen?

Vi søkjer etter ein arkitekt med erfaring innanfor byplanlegging. Vi har mange spennande og utfordrande oppgåver innanfor kollektivplanlegging og gang- og sykkelplanlegging, inkludert brukonstruksjonar og undergangar. Statens vegvesen har høgt fokus for utforming og tilgjengelegheit (arkitekturstrategi).

I tillegg til prosjekt innanfor Bypakken, kan det og vere aktuelt å arbeide med andre prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er definert i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland.

Stillinga vil vere knytt til plan- og prosjekteringsseksjonen på Ressursavdelinga, med kontorstad Stavanger.

Vikariatet er ledig for snarleg tiltreding og varer fram til 30.juni 2016, og med muligheit for fast tilsetting etter avslutta vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Arkitekten vil ha ansvar for estetisk utforming av veg, gate, bru, undergang og tunnel o.l., med spesiell fokus på:

  • utarbeiding av formingsveiledar
  • utarbeiding av 3d-visualiseringar og illustrasjonar
  • bidra til å styre konkurransar og følgje opp konsulentfirma

Kvalifikasjonskrav

utdanning frå høgskule eller universitet på masternivå, min. 5 år. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

Det er vidare ønskjeleg at du har

  • erfaring med planlegging etter PBL
  • erfaring med sketch-up, infraworks, lumion, photoshop, illustrator og CAD-program
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg (nynorsk og/eller bokmål)
  • evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv
  • evne og lyst til å utvikle eige fagområde
  • stor lærevilje og er sjølvgåande

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi kan tilby

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:

Franka Häussler

tlf: +47 51911481

mob: +47 90518298

Vis flere stillinger: