Helikopter måtte til for å få fastmerke-søyler på plass i Endalausmarka. Søyla lengst til høgre på biletet. (Foto: Jostein Hårklau/Statens vegvesen)

Faste merke for ny veg på E39 Svegatjørn–Råda

Statens vegvesen har no fått på plass såkalla fastmerke i terrenget i samband med bygging av E39 Svegatjørn–Rådal, som er den nye hovudvegen mellom Os og Bergen.

Det er sett opp tilsaman 17 fastmerke i området der veglina er planlagt. Dei fleste av desse er søyler på knappe 1,5 meters høgde, som er plasserte på høgdedrag i terrenget.

Geometri
Merka skal nyttast ved geometrisk innmåling og stikning for entreprenørane, som får oppdraget med å byggje vegen. Også Vegvesenet sine eigne kontrollørar treng merka i sitt arbeid. Fastmerke blir sett opp for å ha eit einsarta grunnlagsnett på heile vegstrekninga gjennom heile byggjeperioden, melder vegvesen.no.

Etablering av slike fastmerke er rutine ved vegbygging. Ein kan sjå slike merke også i ettertid på ein del veganlegg. Normalt er det grunneigarane som avgjer om dei vil ha merka fjerna eller ha dei ståande etter at vegprosjekta er ferdige og vegen sett under trafikk.

Helikopter
Statens vegvesen fekk ei ekstra utfordring med bygging av dei tre merka i Endalausmarka. Her er det ikkje råd å koma fram med køyretøy før anleggsvegar seinare blir bygde, som ein del av entreprisen. Det blei difor nytta helikopter for å få fram materiell og utstyr til bygging av fastmerke. Det er rydda skog kring fastmerka, og fleire av dei er synlege for fotgjengarar, t.d. på gangvegnettet i Rådal og ved Skeievatnet i Bergen.

Statens vegvesen har innleigd Rune Samnøy som fagmann for slike og liknande oppgåver gjennom fleire år på nye vegprosjekt. Han har også hatt oppdraget for E39 Svegatjørn–Rådal.

Plasseringa av fastmerka har ressursavdelinga i Statens vegvesen Region vest kome fram til.