Vi søkjer juridisk sakshandsamar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen evt. Stavanger eller Leikanger
Søknadsfrist18.05.2015

På HR- og administrasjonsavdelinga i Region vest, ved seksjon for juridisk og anskaffelser, er det ledig stilling som juridisk sakshandsamar. Seksjonen har 17 tilsette og er lokalisert i Leikanger, Bergen og Stavanger.

Seksjonen har ei viktig rådgjevande rolle innan det juridiske området ut mot dei andre avdelingane. Vidare har seksjonen ei sentral rolle ved anskaffingar og gir støtte til andre einingar i kommersielle og juridiske forhold ved innkjøp.

Kontorstad vil vere fortrinnsvis Bergen, men Stavanger eller Leikanger kan også vere aktuelt.

Viktige arbeidsområde på seksjonen:

Seksjonen har oppgåver innan juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan veglov, naborettslege problemstillingar, erstatningsrett, anskaffingar, kontraktsrett, entrepriserett. I tillegg kjem førebuing ved rettssaker og KOFA klagesaker, rådgjeving ved anskaffelser i regionen, ansvar for anskaffelsesnemnd, samt ansvar for opplæring/informasjon og kontroll av anskaffelsesprosessar.

Stillinga som jurist inneber generell juridisk sakshandsaming og rådgjeving internt og eksternt.

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det kravd at du har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap og relevant erfaring. Vi ber om at du legg ved vitnemål frå din embetseksamen i søknaden.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi ønskjer at du er initiativrik, har pågangsmot og er samfunnsinteressert. Du har gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg, og trivast med tverrfagleg samarbeid.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:

Hjalmar Olseth

tlf: +47 55516440

mob: +47 90845139