Firma | Kystverket |
Fylke | Nordland |
Sted | Kabelvåg |
Søknadsfrist | 10.05.2015 |
Senter for utbygging i Kabelvåg har i dag 20 tilsette. Hovudoppgåven er prosjektering og gjennomføring av utbyggingstiltak i fiskerihamner og farleier i heile landet. Du får ansvar for å leie planprosessar,samt styre prosjekt innanfor gjevne rammer for tid, økonomi og kvalitet. Avdelinga har spesialkompetanse på høgt nivå innan anleggsteknikk, kontraktsadministrasjon, prosjektstyring og byggeleiing,samt kvalitetssikring og HMS. Du får mykje kontakt med kommunar, andre offentlege etatar, grunneigarar og interessegrupper.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiing av hamne- og farleistiltak
- Prosjektering
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Inngåing av kontraktar med konsulentar og entreprenørar i anleggs-/byggefasen
- Deltaking i interne prosjekt- og arbeidsgrupper
Kvalifikasjonar
- Sivilingeniør eller ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskole, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje
- Søkjar til stillinga bør ha relevant praksis frå konsulentkontor, entreprenørverksemd eller offentleg etat
- Avdelinga har brei samansetjing i alder og du må gjerne vere yngre og intiativrik
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig med evne til å ta initiativ
- Gode evner til kontaktskaping
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Fleksibilitet
- Det er nødvendig med førerkort for bil. Stillinga inneber noko reiseverksemd
Språk
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Kystverket er ei IA-bedrift
- Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
- Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Stillinga vert avlønna i st.kode 1087/1181 som overingeniør/senioringeniør etter statens lønnsregulativ
Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Difor vil vi ha mest mogleg jamvekt mellom kvinner og menn og mellom eldre og yngre. Vi ønskjer og å rekruttere personar med funksjonshemming eller innvandrarbakgrunn.
Kontaktinfo: Frøydis Rørtveit Stensvik - Avdelingsleder - 95826264 - froydis.stensvik@kystverket.no
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Kystverket, Kabelvåg
- Fylke Nordland