Byggeleiarar/Teknisk sakshandsamar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist10.05.2015

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 1 – 3 stillingar som byggjeleiar, samt teknisk sakshandsamar. Byggeleiar stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger, avdeling Rogaland. Alle stillingane vil ha kontorstad i Stavanger. Seksjonen er i dag organisert med 47 årsverk, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt, vedlikehald av riks- og fylkesvegane i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.

Større investeringsprosjekt som byggas nå og skal byggjast seinare er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes og langs rv.509 frå Revheim mot Hafrsfjord/ Tananger, rv.509 Sømmevågen, E39 Sandve-Hove (4-felt) og rv505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Arbeidsoppgåver - byggjeleiar

  • Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar
  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • Anna forefallande arbeid

Arbeidsoppgåver for teknisk sakshandsamar

  • Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar
  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Utarbeida avtalar med kommunar og private utbyggjerar knytt til reguleringsplanar og andre tiltak som råkar statleg og fylkeskommunal grunn samt følgja opp arbeida slik at avtala standard og kvalitet vert ivaretatt (gjelder større arbeider)
  • Følgje opp byggearbeider i samband med kommunale trafikksikkerheitstiltak på fylkesvegar

Kvalifikasjonskrav for begge stillingane

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fag- og arbeidsområda, og fortrinnsvis utdanning frå 2-årig teknisk fagskule, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • At du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Vi kan tilby

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagleg miljø med moglegheit til eigen påverknad og deltaking
  • Gode høve til fagleg utvikling og vidareutdanning, m.a. byggherreskulen
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse
  • Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Vegseksjon Stavanger, avdeling Rogaland står framfor mange spennande utfordringar i tida framover, og det vil vere gode moglegheiter for den som vert med på laget vårt. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit.

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT (www.nokut.no).

Søk her

Kontaktpersonar:

Øivind Kommedal

tlf: 51911398

mob: 95759497

Vis flere stillinger: