Prosjektleiarar investering

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist10.05.2015

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 1 – 2 stillingar som prosjektleiarar. Stillingane er knytt til avdeling Rogaland, seksjon invstering Veg Stavanger og inngår i byggherrepoolen i regionen.

Stillingane er innafor fagområdet nyanlegg, som til dømes vidare utbygging av kollektiv-traséer i Stavanger og Sandnes og andre større prosjekter i området. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan sterke fagmiljø.

Større investeringsprosjekt som nå går føre seg og som skal byggjast seinare er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes og langs rv.509 frå Revheim mot Hafrsfjord/ Tananger, rv.509 Sømmevågen, E39 Sandve-Hove (4-felt) og rv505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Det heile ansvar for prosjektas kvalitet, framdrift, økonomi og HMS i tråd med prosjektbestilling
  • Det formelle ansvar i forhold til offentlige etatar, naboar og alle andre som vert råka av prosjektgjennomføringa
  • Ansvar for å utarbeida tilbodsgrunnlag
  • Ansvar for å utarbeida kvalitetsplan i tråd med gitte retningslinjer
  • Ansvar for rapportering, her under ansvar for å melda og avklara avvik med næraste overordna
  • Ansvar for å sikre at kartgrunnlaget (høgdegrunnlaget) har rett kvalitet
  • Ansvar for informasjon
  • Ansvar for å utarbeida nødvendige instruksar for å avgrensa ansvar og mynde for underordna personell
  • Diverse sakshandsaming knyt til prosjekta, samt andre arbeidsoppgåver innanfor prosjektleiing vil kunne påreknas

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet eller høgskule minimum 5 år med relevant fagkrins, jmf. beskriving over. For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlige eigenskapar for stillinga kan kravet til utdanning fråvikas. Søkjarar må ha førarkort kl. B.

Vi legg vekt på

  • Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • Erfaring frå liknande arbeid/ bransjeerfaring
  • Beherska elektronisk verktøy til oppfølging og rapportering
  • Kunne medverke til eit godt arbeidsmiljø både internt og i forhold til entreprenørane
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
  • Evne til å jobbe målretta og strukturert
  • Må kunne beherske norske målføre både skriftleg og munnleg
  • Vi ynskjer søkjarar med kompetanse / erfaring frå leiing av større veg-/ kommunaltekniske prosjekt, kjennskap til retningslinjer for vegplanlegging/ prosjektering, erfaring med bygging i byområder og av kommunaltekniske anlegg.

Vi kan tilby

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagleg miljø med moglegheit til eigen påverknad og deltaking
  • Gode høve til fagleg utvikling og vidareutdanning, m.a. byggherreskulen
  • Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse
  • Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Vegseksjon Stavanger, avdeling Rogaland står framfor mange spennande utfordringar i tida framover, og det vil vere gode moglegheiter for den som vert med på laget vårt. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit.

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilretteleggje arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må ho godkjennast av NOKUT (www.nokut.no).

Søk her

Kontaktpersonar:

Øivind Kommedal

tlf: 51911398

mob: 95759497

Vis flere stillinger: