E39 Saglandsbakken til Vikeså får ny asfalt

Statens vegvesen startar sundag kveld asfaltering på E39 mellom Sagalandsbakken og Vikeså i Bjerkreim. Åtte kilometer europaveg får ny asfalt.

Arbeidet pågår om kvelden og om natta, mellom klokka 20 og 06.

‒ Vi freser først vekk den gamle asfalten før vi legg ny. Ein køyrebane blir open, og ein ledebil leier trafikken forbi arbeidsområdet, fortel byggeleiar Bjørn Andersen i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Andersen seier at trafikantane må rekne med litt venting.

Asfalteringsarbeid er vêr-avhengig. Truleg blir det arbeid på strekinga dei neste to vekene.

– Då er det viktig at folk følgjer skiltinga om nedsett fart, minnar han om.

Entreprenøren må merke vegen etter asfalteringa. På prioriterte strekningar, som E39 lagar han også sinusfelt (rumling) mellom køyrebanane. Det skal varsle bilistar som er i ferd med å krysse midtlinja. Også under dette arbeidet blir farten sett ned.

– Vis omsyn, ber byggeleiaren. Arbeidarane jobbar midt i vegen. Vi ønskjer at dei skal vere trygge på jobb.