Askøypakken søkjer kontrollingeniørar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist03.05.2015

Vil du vere med på det store vegløftet på Askøy Vegvesenet er i full gang med Askøypakken, og treng fleire dyktige kontrollingeniørar innan ei rekke fag, blant anna VA, veg, bru, støy mm. Prosjektet har ei totalramme på 1 540 millionar over 8 år.

Askøypakken inneheld mange små og store prosjekt, som vi no held på å starte opp. Det skal byggast bruer og tunneler, utbetrast eksisterande veg, ny veg i nytt terreng, støytiltak, nytt kommunalt og VA-anlegg mange spennande og fagleg utfordrande oppgåver for dei rette personane! Utbyggingsprosjekta er prosjektert modellbasert, og det vil verte mykje nytt å ta tak i.

Prosjektet har etablert prosjektkontor i Rundetårnet på Kleppestø kai, Askøy, der du vil få kontorplass saman med resten av prosjektteamet. Stillingane høyrer til i byggherrepoolen i Region vest, f.t. knytt til vegavdeling Hordaland.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer kontrollingeniørar med god forståing for kontroll- og byggherrefunksjonen. Du vil få ansvar for teknisk gjennomføring og kontroll av små og store vegprosjekt i pakken, og må derfor ha fagleg tyngde, samt kunne kommunisere og samarbeide godt med grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og dei andre i prosjektet. Hovudoppgåvene for kontrollingeniør vil vere;

  • Oppfølging av teknisk gjennomføring og framdrift innan aktuelt fagområde
  • Oppfølging av at dokumentasjon, målebrev og rapportering vert følgd av entreprenør
  • Drive HMS-arbeid
  • Lage og følgje opp kontrollplaner, sjekklister mm.
  • Utføre kvalitets-, framdrifts og kostnadskontroll

Kvalifikasjonskrav

  • Ønskeleg med erfaring frå bygg- eller anleggsprosjekt, men også erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.
  • Relevant utdanning det er ønskeleg med universitet eller høgskule, min. 3 år, innan bygg- og anleggstekniske fag, men minimumskravet er 2-åring teknisk fagskule

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi søkjer etter målretta og sjølvstendige medarbeidarar som kan arbeide systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper. Du har også førarkort for bil (klasse B).

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Prosjektet vil bruke tid og ressursar for å skape ei positiv, aktiv og trygg arbeidsgruppe, som vil stå på saman for at prosjektet skal lykkast. Om du har dei rette faglege kvalifikasjonane, og vil bidra til ei god felles gruppe, ser vi fram til å høyre frå deg.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Ole-Henning Davik

Telefon

55 51 63 58

Vis flere stillinger: