Seksjonsleiarar Vegseksjonen Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist03.05.2015

Vil du vere med å leie Statens vegvesen i Rogaland?

I Statens vegvesen Region vest er det 2 ledige stillingar som seksjonsleiarar i Vegavdeling Rogaland. Begge stillingane er lokalisert i Stavanger med ansvar for det geografiske området som omfattar kommunane i Rogaland sør for Boknafjorden og sør for Jøsenfjorden.

Vegavdeling Rogaland har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og investeringstiltak på riks- og fylkesvegane i heile Rogaland, sams vegadministrasjon av desse. Årleg har avdelinga ein omsetnad på om lag 3 mrd.

Seksjon for investering veg Stavanger

Som seksjonsleiar vil du ha personalansvar for tilsette på seksjonen og resultatansvar for byggherreoppgåvene innan utbyggingsprosjekt som vert lagt til seksjonen. Seksjonen har i dag 14 pågåande utbyggingsprosjekt som er alt frå mindre utbetringar av vegnettet, til store prosjekt som t.d. bygging av 4-felt på E39 frå Hove til Sandve og utviding/ombygging av rv. 509 i Sømmevågen. I tillegg pågår det byggeplanlegging og utarbeiding av konkurransegrunnlag for fleire kommande prosjekt, t.d. sykkelveg langs E39 mellom Stavanger og Sandnes ( Sykkelstamvegen ) og kollektivfelt på fv. 44 (Bussveg 2020)

Seksjon for drift- og vedlikehald veg Stavanger

Seksjonsleiar vil ha personalansvar for tilsette på seksjonen og resultatansvar for byggherreoppgåvene innan drift og vedlikehald som vert lagt til seksjonen. Pr i dag er all drift av vegnettet innanfor seksjonens ansvarsområde delt i 3 driftskontraktar som er grunnlaget for entreprenørane sitt arbeid. I tillegg er det fleire mindre vedlikehaldsprosjekt som årleg vert gjennomført. Seksjonen har og ansvar for kontraktar innan asfalt, vegmerking, bru, kai og elektro i tillegg til vegforvaltning.

Aktuelle oppgåver for begge stillingane

  • delta i avdelingsdirektøren si leiargruppe for heile Rogaland
  • legge strategiar, utvikle leiings- og styringssystem og utøve arbeidsgjevarrolla
  • resultatansvar og økonomiansvar for seksjonen sitt ansvarsområde
  • personalansvar for tilsette innan aktuell eining
  • profilere og marknadsføre etaten utad

All aktivitet innan byggherreområdet er prosjektorganisert og det vil difor vere ein viktig føresetnad for leiing og styring av begge seksjonane. Det er ønskeleg at seksjonsleiarane også bidrar inn i dei faglege oppgåvene som seksjonen har ansvar for. Begge seksjonane vil ha om lag 20-25 medarbeidarar kvar, fordelt på to kontorstader, Stavanger og Egersund.

Kvalifikasjonskrav for begge stillingane

Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan relevant fagkrins. For kandidatar med spesielt sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Dette ønskjer vi oss

Vi ser etter trygge leiarar som har evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

I Statens vegvesen ønskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande.

Som leiar av seksjonen er det viktig at du

  • har erfaring frå tilsvarande arbeid
  • kan utvikle og inspirere, vere tydeleg og er ein god rollemodell
  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • har samfunnsinteresse og engasjement
  • har omstillingsevne i forhold til organisasjon og samfunn
  • er strukturert, initiativrik, sjølvstendig og lojal

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi kan tilby

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast, samt at du har førarkort klasse B.

Søk stilling her

Kontaktpersonar:

Astrid Eide

tlf: +47 51911735

mob: +47 90131516


Vis flere stillinger: