Bruplanleggjarar Fjordkryssingsprosjektet E39

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger / Leikanger
Søknadsfrist26.04.2015

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett.
Vil du vere med?

Fjordkryssingsprosjektet i Ferjefri E39 søkjer no etter folk til å jobbe med dei mest ekstreme fjordkryssingane som finst.

Fyrst og fremst jobbar vi no med å utvikle ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden. Etter kvart står også dei andre fjordane langs E39 står for tur. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen. Vi trur at det er mogleg å ta med seg erfaringar som er opparbeida offshore til arbeidet med bruene vi no skal byggje.

25 personar jobbar allereie med prosjektet, 18 av desse på fulltid. Av desse er seks i Stavanger og tre i Leikanger. Vi har òg medarbeidarar i Oslo, Skien, Molde, Trondheim og Hamar. Arbeidsstad for nye kollegaer er primært Stavanger eller Leikanger, men vi er opne for å diskutere andre løysingar dersom du har tung erfaring og arbeidar godt sjølvstendig.

Skriv i søknaden kor du ynskjer å ha kontorstad og kva stilling du søker på.

Arbeidsoppgåvene vi ynskjer å ha deg med på

Vi vil at du skal vere med oss og utvikle brukonsept for Bjørnafjorden og andre fjordar langs E39.

Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp mot eit av desse delprosjekta:

  • Rørbru
  • Tradisjonell flytebru
  • Flytebru fundamentert på «tension leg platforms»
  • Hengebru
  • Design basis
  • Drift og vedlikehald

Felles for alle desse er at du skal utarbeide og følgje opp konsulentoppdrag, og du blir med på å følgje opp forskingsprosjekta vi har satt i gang. Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift. Det er viktig for oss å spreie den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet. Vi samarbeider med NTNU, Chalmers og UiS om forskingsprosjekt, og vi er opne for å tenke PhD saman med deg om du ynskjer det.

Vi søkjer

Senior konstruksjonsingeniør

  • Du har mastergrad eller doktorgrad i konstruksjonsteknikk
  • Du har erfaring frå prosjektering av bru eller andre store konstruksjonar, gjerne offshorekonstruksjonar
  • Du har erfaring med dynamiske analyser
  • Det er ein fordel om du er godt kjent med analyseprogram for bruer og/eller andre faste/flytande marine konstruksjonar

Senior hydrodynamikar

  • Du har mastergrad eller doktorgrad i marin hydrodynamikk
  • Du må ha erfaring med flytande konstruksjonar
  • Du har erfaring med prosjektering av konstruksjonar utsatt for dynamiske påkjenningar frå marint miljø
  • Det er ein fordel om du er godt kjent med analyseprogram for flytande og/eller faste marine konstruksjonar

Senioringeniør marine operasjonar

  • Du har mastergrad eller doktorgrad innan relevant fagfelt, eventuelt utdanning som kaptein/styrmann med relevant erfaring
  • Du må ha erfaring med planlegging og gjennomføring av komplekse marine operasjonar/installasjonar
  • Det er ein fordel om du er kjent med relevante simuleringsverktøy for marine operasjoner

Senior geoteknikkar

  • Du har mastergrad eller doktorgrad i geoteknikk eller anna relevant utdanning
  • Du har gjerne erfaring frå marin geoteknikk
  • Du er godt kjent med metodikk for grunnundersøkingar på havbotn
  • Det er ein fordel om du er kjent med relevante analyseverktøy for marin geoteknikk

Senior hengebruingeniør

  • Du har mastergrad eller doktorgrad i konstruksjonsteknikk eller anna relevant utdanningsretning
  • Du må ha erfaring med prosjektering av hengebru
  • Det er ein fordel om du er kjent med analyseprogrammer relevant for hengebruer

Senior risikoingeniør

  • Du har mastergrad eller doktorgrad innan risikostyring eller anna relevant utdanning
  • Du har erfaring med risikoanalyse og risikostyring, gjerne knytt til marine system
  • Du har erfaring med frekvensanalyser og kvantitativ risiko, gjerne for skipsstøyt eller liknande
  • Du har gjerne erfaring med heilskapleg sikkerheitsfilosofi
  • Det er en fordel om du har kunnskap om relevante programverktøy

Oseanograf/mariningeniør

  • Du har mastergrad eller doktorgrad, fortrinnsvis i oseanografi, marin ingeniør, eller anna relevant utdanningsretning
  • Du har erfaring med måling og simulering av miljølaster som bølgjer, straum og vind

Vi legg vekt på at du

  • er initiativrik og sjølvdreven i arbeidet
  • har evne til å jobba sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har moglegheit til å reise i jobben
  • har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Kontaktperson:

Mathias Egeland Eidem

mob: 92213446