Prosjektstyrer/prosjektkoordinator

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist23.04.2015

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett. Vil du vere med?

Fjordkryssingsprosjektet i Ferjefri E39 søker no etter folk til å jobbe med dei mest ekstreme fjordkryssingane som finst.

Vi søkjer prosjektstyrer/prosjektkoordinator

Først og fremst jobbar vi no med å utvikle ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden. Etter kvart står også dei andre fjordane langs E39 står for tur. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen. Vi trur at det er mogleg å ta med seg erfaringar som er opparbeida offshore til arbeidet med bruene vi no skal bygge.

25 personar jobbar allereie med prosjektet, 18 av desse på fulltid. Av desse er seks i Stavanger og tre i Leikanger. Vi har òg medarbeidarar i Oslo, Skien, Molde, Trondheim og Hamar. Arbeidsstad for denne stillinga er Stavanger. Arbeidsoppgåvene vi ynskjer å ha deg med på Vi vil blant anna at du skal arbeide med:

  • Styring av mindre prosjekter/oppdrag
  • Systematisering av igangsatt og framtidig arbeid i prosjektet
  • Utarbeiding av system for dokumenthandtering
  • Utlysing av nye konsulentoppdrag
  • Økonomisk oppfølging av forskingsprosjekt hos NTNU, UiS og Chalmers

Dersom du blir med oss vil du få arbeide saman med svært dyktige og engasjerte fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet.

Vi krev

  • Teknisk utdanning
  • Minimum fem år med erfaring innen prosjektstyring, gjerne frå oljå
  • Erfaring med relevante programverktøy som f.eks. MS Project og Excel

Vi legg vekt på at du

  • er initiativrik og sjølvdreven i arbeidet
  • har evne til å jobba sjølvstendig og målretta
  • har evne til å systematisere og strukturere teamarbeid
  • har muligheit til å reise i jobben
  • har svært god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling.

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Kontaktperson:

Mathias Egeland Eidem

mob: 92213446

Vis flere stillinger: