Bruingeniør med erfaring innen nettverksbuebruer

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist23.04.2015

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett. Vil du vere med?

Fjordkryssingsprosjektet i Ferjefri E39 søker no etter folk til å jobbe med dei mest ekstreme fjordkryssingane som finst.

Vi søkjer bruingeniør med erfaring innen nettverksbuebruer

Først og fremst jobbar vi no med å utvikle ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssing av Bjørnafjorden. Etter kvart står også dei andre fjordane langs E39 står for tur. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen. Vi trur at det er mogleg å ta med seg erfaringar som er opparbeida offshore til arbeidet med bruene vi no skal bygge.

25 personar jobbar allereie med prosjektet, 18 av desse på fulltid. Av desse er seks i Stavanger og tre i Leikanger. Vi har òg medarbeidarar i Oslo, Skien, Molde, Trondheim og Hamar. Arbeidsstad for denne stillinga er Stavanger.

Arbeidsoppgåvene vi ynskjer å ha deg med på
Vi vil at du skal vere med oss og utvikle brukonsept for Bjørnafjorden og andre fjordar langs E39, og du vil bli knytta opp mot eit av desse delprosjekta:

  • Rørbru
  • Tradisjonell flytebru
  • Flytebru fundamentert på tension leg platforms

Felles for alle desse er at du skal utarbeide og følgje opp konsulentoppdrag, og du blir med på å følgje opp forskingsprosjekta vi har satt i gang. Gjere vurderingar av ulike brukonsepter. Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift. Det er viktig for oss å spre den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet. Vi samarbeider med universiteta NTNU, Chalmers og UiS om forskingsprosjekt, og vi er opne for å tenke PhD saman med deg om du ynskjer det.

Av utdanning krev vi:

  • Mastergrad eller doktorgrad i konstruksjonsteknikk eller anna relevant fagfelt
  • Du må ha erfaring med nettverksbuebru
  • Erfaring med dynamiske analyser

Vi legg vekt på at du

  • er initiativrik og sjølvdreven i arbeidet
  • har evne til å jobba sjølvstendig, målretta og strukturert
  • muligheit til å reise i jobben
  • har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling.

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Kontaktperson:

Mathias Egeland Eidem

mob: 92213446


Vis flere stillinger: