Nye E39-oppdrag i Os og Bergen

Statens vegvesen har no lyst ut tre nye, supplerande oppdrag i samband med bygging av E39 Svegatjørn – Rådal.

Medane entreprenørane reknar på dei to store hovudtilboda for bygging av fire felts motorveg mellom Os og Bergen, er det lyst ut tre mindre oppdrag, av ulikt innhald.

«Husentreprenør»
Byggherren ser behov for å knyta til seg ein entreprenør som kan gjere mindre oppdrag som fell utanom hovudkontraktene i prosjektet. Dette gjeld til dømes mindre vegarbeid i samband med massetransporten til deponiet i Hordnesskogen i Fana. Her skal det m.a. etablerast eit nytt gangfelt i nærleiken av skuleområdet på Stend. Det vil på andre oppgåver bli noko sprenging og ein del masseflytting. Oppdraget vil vere basert på entreprisar og timesarbeid fram til sommaren 2017. Fristen for tilbod er 21. april.

Prosjekt-kontor
Statens vegvesen treng eige prosjektkontor for byggherre-mannskap sentralt i anleggsområdet. Valet har falt på eit område på sørsida av Klokkarvatnet i Fana. Her vil det og vera plass for entreprenøren sitt kontorbehov. Rett aust for rigg-området kjem tverrslaget for tunnelarbeidet ved Hamre.

Oppdraget går ut på leige og drift av kontor-riggen frå september 2015 og ut år 2021, med høve til forlenging med eitt år om gangen. Total lengde på avtalen kan bli over 8 år.

Frist for tilbod her er 11. mai.

Miljøovervaking
Det tredje oppdraget som er ute no er miljøovervaking av bekker, elver, tjern, vatn og grunnvasstand i brønnar, som kan bli påverka av vegbygginga og trafikken. Her er det laga eit prøvetakings-program som grunnlag for arbeidet. Programmet blei laga etter ein del førundersøkingar av vasskvalitet og andre prøver, som har pågått ein god stund. Oppdraget som no er lyst ut skal pågå gjennom byggjeperioden og etter at veganlegget er teke i bruk. Avtalen gjeld i kring 7 år, inkludert eitt år etter opning av nye E39 Svegatjørn – Rådal. Fristen for å gi pris på dette oppdraget er 6. mai.