Traineeprogrammet - Vegplanleggar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedBergen / Leikanger / Stavanger
Søknadsfrist17.04.2015

Ønskjer du å jobbe med planlegging og prosjektering av vegar i Statens vegvesen? Vi kan by på mange spennande utfordringar innan dette fagfeltet. Stillinga vil bli knytt til plan- eller prosjekteringsseksjonen som høyrer til Ressursavdelinga i Region vest. Avdelinga har totalt eit samla fagmiljø med 270 medarbeidarar. Vi utfører m.a. veg-, gate- og tunnelplanlegging på store og små investeringsprosjekt i eigen regi eller ved bruk av konsulentar. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m.

Vi har kontor både i Leikanger, Bergen og Stavanger. Det er viktig at du oppgir ønska kontorstad i søknaden.

Denne stillinga lyses ut via traineeprogrammet for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. Meir informasjon om programmet og kven som kan søkje finner du her: www.regjeringen.no/trainee

For å bli vurdert til stillinga må du ha sende inn en egenerklæring på at du er i trainee-programmets målgruppe og har nedsett funksjonsevne. Egenerklæringen finner du i bekreftingsmailen du mottar ved sendt søknad.

Aktuelle arbeidsoppgåver:
Avhengig av kva seksjon stillinga vert knytt til og kva erfaring og kompetanse du har, vil arbeidsoppgåvene variere noko innan blant anna følgjande område:
• Planlegging innan veg-, gate- og tunnel
• Arbeide med regulerings- og kommunedelplanar
• Utarbeiding av konkurransegrunnlag
• Anskaffelse og styring av konsulentoppdrag

Kvalifikasjonskrav:
• Eksamen frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande.
• Ønskeleg med erfaring innan planlegging og prosjektering av vegar, men vi oppmodar og nyutdanna til å søke.
• Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy. (AutoCAD, Novapoint, m.fl.)

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:
• introduksjonsprogram og fadderordning
• fleksitid og gode ordningar for avspasering
• pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
• etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette derfor du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjerlista kan verta offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vikl i så fall verta varsla.

Kontaktpersonar:

Gunnar Søderholm

tlf: +47 57655789

mob: +47 95259709

Søk her