Rogfast kan finansierast over 20 år - og vil koste 14,2 milliardar

Statens vegvesen sender endeleg finansieringsanalyse for Rogfast på lokalpolitisk høyring.

Analysen blir sendt på høyring til kommunane Stavanger, Sandnes, Sola, Randaberg, Kvitsøy, Tysvær, Haugesund, Karmøy, Bokn og Finnøy. Planen er at fylkestinget behandlar finansieringsanalysen på møtet 9. og 10. juni.
– Dette er nok ein merkedag for Rogfast- prosjektet. Vi ser at det lar seg gjere å  bompengefinansiere Rogfast med ei nedbetalingstid på 20 år, seier prosjektleiar i Statens
vegvesen, Tor Geir Espedal.
14,2 milliardar
Prislappen på Rogfast er berekna til 14,2 milliardar 2015-kroner, men dette treng ikkje vere det endelege talet fordi planfasen ikkje er heilt ferdig.
Staten bidreg med 2,830 milliardar, resten må finansierast av bompengar. Det er rekna med ei  rente på 5,5 prosent. Rogaland fylkeskommune blir beden om å stille garanti for lånet i bompengeselskapet på 16 milliardar kroner.
Prisen på å kjøre gjennom Rogfast blir rundt 300 kroner for bilar og 900 kroner for tunge køyretøy.
Til Stortinget i 2016
- Når vedtaket er gjort i fylkestinget i juni blir Rogfast-dokumenta sendt til ekstern kvalitetssikring (KS2). Alle prosjekt til over 750 millionar kroner må gjennom ein slik sjekk, fortel prosjektleiar Espedal.
Viss kvalitetssikringa går som planlagt, kan Rogfast bli behandla i Stortinget våren 2016. Då kan det bli byggestart mot slutten av 2016, og opning av Rogfast i 2024.