Trafikkoperatør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist12.04.2015

Kan du bli den dyktige trafikkoperatøren for styring, overvåking og informasjon på Vegtrafikksentralen?

Vi treng dyktige fagpersonar på laget ved vår operative beredskapseining; vegtrafikksentralen. Stillinga inneber styring- og overvåking av vegnettet og vegtrafikken. Du evnar å oppdage situasjonar, ta imot og formidle informasjon om kva som hender på vegane, loggføre og igangsette tiltak etter gjeldande prosedyrer. Geografisk ansvarsområde er Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Vegtrafikksentralen er bemannet 24/7.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste oppgåvene er styring- og overvaking av vegnettet, vegtrafikken og miljøet rundt vegnettet, og iverksette naudsynte tiltak. Dette inneber utstrakt bruk av dataverktøy med loggføring og fjernstyring av tekniske installasjonar.

I tillegg er ei viktig arbeidsoppgåve å motta og formidle veg- og trafikkinformasjon, distribuere føremeldingar og betene publikumstelefonen 175 og. Ved særskilte hendingar, som m.a trafikkulykker, vil ein trafikkoperatør arbeide med mange oppgåver og eit høgt stressnivå, men framleis ha evna til å vurdere situasjonar ut frå eit sikkerheitsperspektiv. Dette krev tett samarbeid med medarbeidarar, politi og andre naudetatar, entreprenørar og byggherre og ein tett dialog med publikum og media.

Du vil også yte beslutningsstøtte for drift og vedlikehald av veg- og veginstallasjonar.

Kvalifikasjonskrav

Du bør ha 2-3 år utdanning på høgskulenivå frå aktuelle fagretningar; tekniske fag, media/ kommunikasjon eller ha operativ utdanning. Har du relevant praksis frå desse fagretningane, evt. etterutdanning, erfaring frå stillingar med koordinering-/beslutningsansvar eller gode personlege føresetnader, kan vi sjå bort frå kravet om høgskuleutdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Du må ha god forståing og ferdigheiter i bruk av dataverktøy, kartverktøy og forståelse for veg og trafikk. Evne til å gje konsise meldingar på norsk og engelsk, og god skriftleg formuleringsevne på norsk, er vesentleg for m.a mottak av publikumstelefonar, pressehandtering, loggføring og handtering av særskilte hendingar.

Arbeidet krev at du har god høyrsel, godt syn (herunder fargesyn) og ingen sjukdommar som kan føre til anfall (t.d epilepsi, diabetes). Eigenerklæring helse må underskrivast. Du må stette krav til sikkerheitsklarering nivå begrensa , og minimum ha førerkort kl. B.

Dei som trivast og lukkast i stillinga-

styrer og overvaker vegnettet proaktivt i tett kontakt med publikum og medarbeidarar med bruk av naudsynt teknisk utstyr. Dei får energi av å omstille seg raskt for å ta ansvar for stressituasjonar som tidvis oppstår, dei handlar sjølvstendig, er sikkerheitsorientert, arbeider metodisk, ser moglege konsekvenser av hendingar, tek beslutningar og kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktperson:

Cecilie Bakke Johannessen

tlf: +47 55516557

mob: +47 99203219


Vis flere stillinger: