Kontraktsstøtte til prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist06.04.2015

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Vi søkjer ein medarbeidar med interesse for detaljane i kontraktar. Gjerne ein jurist med erfaring frå entrepriserett eller deg med erfaring frå kontraktsadministrasjon frå t.d anleggsbransjen.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015. Stillinga si organisatoriske tilknyting vil verte vurdert seinare i prosessen.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinere prosjektet si handsaming av krav om endringar på utbyggingskontraktane
  • Sørge for eins handsaming av krav på alle kontraktar
  • Rutinar for arkivering og oppfølging av endringskrav i prosjektet
  • Bistå ved gjennomføring av byggemøte
  • Informasjonsflyt og erfaringsutveksling mellom andre prosjekt/avdelingar

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

Du har utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, innan relevante fagområde som t.d juss, bygg og anleggstekniske fag. Du må ha erfaring frå arbeid med nemnde oppgåver, samt inngåande kunnskap om norske entreprisekontrakter.

Vi søkjer etter målretta og sjølvstendige medarbeidarar som arbeider systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

1 Sverre Ottesen

Telefon

+47 5111801

2 Hjalmar Olseth

Telefon

55 51 64 40

Vis flere stillinger: