Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 22.03.2015 |
Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!
Vi søkjer fleire medarbeidarar til rolla som SHA kontrollingeniør . Dine hovudoppgåver vil vere dagleg oppfølging av byggherren og entreprenøren sitt SHA-arbeid. Arbeidsdagen vil verte mykje ute på anlegget og vil inngå i ei skiftordning.
Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen.
Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.
Arbeidsoppgaver:
- Oppfølging av sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA)
- Følgje opp at alle som arbeidar i prosjektet (interne og eksterne) følgjer SHA-planen
- Koordinere planlegging og oppfølging av SHA-arbeidet til entreprenørene i tett samarbeid med byggjeleiarane
- Følgje opp at entreprenøren utarbeidar naudsynte risikovurderinger/SJA Vere byggherren sin deltakar på vernerundar
- Utarbeide og rapportere oversikt over SHA-status i samsvar med fastsette retningslinjer Førebu og presentere aktuelle SHA-saker på byggemøte og byggjeleiarmøte
Kvalifikasjonar og bakgrunn:
Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, gjerne innan vegfag, HMS eller annan relevant utdanning, samt og erfaring frå tilsvarende arbeid. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Vi krev at du har førarkort for bil (klasse B).
Vi søkjer etter omgjengelege og målretta personar, både erfarne og nyutdanna. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne jobben, samt gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg. Ein kontrollingeniør må vere initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr også desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Spørsmål om stillingen?
Sverre Ottesen
Telefon
+47 5111801
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland