Rådgjevar innan ytre miljø - E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist06.04.2015

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Som rådgjevar innan ytre miljø (YM) vil du ha ansvar for den daglege oppfølginga av byggherren og entreprenøren sitt ytre miljø arbeid knytt til t.d biologi, landskapsøkologi og naturforvaltning. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjå til at kontrakten sine beskrivingar og tiltak innanfor YM-området blir følgd opp av byggherre og entreprenør
  • Oppfølging av YM-planer internt og eksternt
  • Utarbeide og rapportere oversikt over YM-status i samsvar med fastsette retningslinjer
  • Kontakt og oppfølging av interne og eksterne aktørar
  • Førebu saker og delta på møte innan YM-området
  • Gjennomføre befaringar/vernerunder
  • Tett samarbeid med landskapsarkitekt og teknisk byggjeleiing
  • Bidra med kompetanseutvikling innan YM-området i prosjektet

Kvalifikasjonar og bakgrunn:

Kanskje har du allereie arbeidd på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant. Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid med ytre miljø i samferdsleprosjekt.

Du har relevant utdanning frå universitet/høgskule, min. 5 år, innan naturvitskapelege fag som m.a biologi, økologi, naturressursforvaltning, geografi, hydrologi og/eller økotoksikologi.

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi søkjer etter målretta og sjølvstendige medarbeidarar som kan arbeide systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper. Du har også førarkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Spørsmål om stillingen?

Naomi Paulsen

Telefon

55 51 62 07

Sverre Ottesen

Telefon

+47 5111801



Vis flere stillinger: