Planlagt opning av Ljøtunnelen blir hausten 2016. (Foto: Statens vegvesen)

2.000 meter tunnel ferdig sprengt på fv. 60 Røyr-Hellesylt

Bygginga av dei to siste rastryggingstunnelane på fylkesveg 60 frå Røyr til Hellesylt i Møre og Romsdal går som planlagt.

Førre veke var til saman 2.000 meter av den 3.650 meter lange Ljøtunnelen sprengt. Det er sprengt 1.000 meter frå både Herdal og Ljøen og framdrifta er god der ca. 80 meter tunnel sprengast kvar veke. Det står att 1.650 meter til gjennomslag, som i beste fall kan bli i slutten av juli.

Det er Skanska Norge AS som er entrepreør på prosjektet, som har en totalkostnad på 1,12 milliarder kroner (2013-kroner).

- Etter påske startar førebuingane til at ny tunnel kryssar under gamletunnelen. Det skal utførast ein del arbeid i den trafikkerte tunnelen for at tryggleiken for bilistane skal vere så god som mogleg når vi utfører sprenging så nær eksisterande tunnel. Det er 10 meter fjell mellom tunnelane. I perioden frå slutten av april og fram til sommarferien 2015 blir det korte stengingar på inntil ein time når det blir sprengt i nytunnelen. Dette må gjerast av omsyn til tryggleiken, seier byggeleiar Arne Ola Stavseng til vegvesen.no.

Planlagt opning av Ljøtunnelen blir hausten 2016.

- Støypinga av Røyratunnelen går også som planlagt. Ca 1/3 av den 440 meter lange betongtunnelen på Røyr er ferdig støypt, fortel Sonja Fjellkårstad, byggeleiar for betong.

Den 440 meter lange betongtunnelen skal stå ferdig i desember 2015 og då vert fv. 60 sikra mot Vassfonna og Røyrafonna som er dei siste skredpunkta på denne strekninga i Strandadalen.

Når Ljøtunnelen opnar hausten 2016 vil heile strekninga mellom Røyr og Hellesylt vere sikra mot snøskred.