Byggjeleiar / kontrollingeniør / teknisk saksbehandlar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist22.03.2015

Bli med Statens vegvesen i førarsetet for samferdselsutviklinga!

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 2 4 stillingar innan drift, vedlikehald og nye investeringsprosjekt som:

  • byggjeleiar
  • kontrollingeniør
  • teknisk saksbehandlar

Vegseksjonen Stavanger har om lag 45 tilsette, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt, vedlikehald av riks- og fylkesvegane i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke. Stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger, avdeling Rogaland. Alle stillingane vil ha kontorstad i Stavanger.

Større investeringsprosjekt:

  • vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes
  • vidare kollektivutbygging langs rv509 frå Revheim mot Hafrsfjord/Tananger
  • rv.509 Sømmevågen
  • E39 Sandve-Hove (4-felt)
  • rv505 Skjæveland-Foss Eikeland
  • i tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak

Arbeidsoppgåver - Byggjeleiar

Vi søkjar ein byggjeleiar som kan løyse utfordringane i eit stort byggeprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av kontraktar i prosjektet. God fagleg tyngd frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtera både grunneigar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

  • ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar
  • ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid. For tida stort fokus på betongarbeid og støytiltak
  • rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • ansvar for byggemøte og referat
  • ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • anna forefallande arbeid

Arbeidsoppgåver Kontrollingeniør

  • ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar/ tilbodsdokument
  • kontrollera utføringa av arbeida med fokus på teknisk kvalitet inkludert oppfølging av entreprenørens driftskontroll og utføra eigen stikkprøvekontroll
  • utarbeide kontrollørmeldingar og rapportera om avvik frå kontrakt til byggjeleiar
  • medverka i byggjemøte med entreprenørane
  • medverka i den daglege kontakt med alle offentlege etatar, naboar og andre som vert råka av prosjektet

Arbeidsoppgåver - Teknisk saksbehandlar

  • ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar
  • ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • utarbeida avtalar med kommunar og private utbyggjerar knytt til reguleringsplanar og andre tiltak som råkar statleg og fylkeskommunal grunn samt følgja opp arbeida slik at avtala standard og kvalitet vert ivareteke (gjeld større arbeid)
  • følgje opp byggearbeid i samband med kommunale trafikksikkerheitstiltak på fylkesvegar

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins
  • stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast
  • den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fag- og arbeidsområda, og fortrinnsvis utdanning frå 2-årig teknisk fagskule, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til høgare utdanning fråvikast.

Vi vektlegg

  • evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:

Øivind Kommedal

tlf: 51911398

mob: 95759497


Vis flere stillinger: