Seksjonsleiar på prosjekteringsseksjonen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist16.03.2015

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som seksjonsleiar. Stillinga er knytta til prosjekteringsseksjonen ved ressursavdelinga. Kontorstad for stillinga er Leikanger.

Ressursavdelinga er intern tenesteleverandør for Region vest. Avdelinga utfører rådgjeving, spesialistfunksjonar og tekniske tenester for dei andre avdelingane i regionen. Totalt er det ca. 270 tilsette som er organisert i seks seksjonar.

Som seksjonsleiar får du ansvar for å leie og utvikle eit aktivt, kompetent og breidt samansett fagmiljø med ca 20 medarbeidarar.

Seksjonen har ansvar for:

  • Detaljprosjektering av byggjeplanar innan veg-, gate- og tunnel
  • Prosjekteringsleiing
  • Utarbeiding av konkuransegrunnlag for innhenting av tilbod frå entreprenørar
  • Anskaffing og styring av konsulentoppdrag
  • Fagleg oppfølging i byggjefasen

Prosjekteringsseksjonen har og over 30 medarbeidarar i Bergen. Du vil saman med leiar i Bergen ha eit samla ansvar for seksjonen (leiarteam). Du vil og verte ein del av Ressursavdelinga si leiargruppe og skal vere med på å styre avdelinga sine aktivitetar og utvikling i åra framover.

Arbeidsoppgåvene vert å leie seksjonen i det daglege. Du skal leie det faglege arbeidet, koordinere arbeidsoppgåvene og sørge for at dei tilsette utviklar seg.

Dette ønskjer vi oss

Vi ser etter trygge leiarar som har evna til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid – både for medarbeidarane og deg sjølv.

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, fremtidsretta og inkluderande. Som leiar av seksjonen er det viktig at du

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivelsane og vere tilgjengeleg

Alle leiarane i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Kvalifikasjonskrav:

Du har minimum 4-årig utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør - eller masternivå innan vegfag eller anna relevant utdanning. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan vi fråvike kvalifikasjonskravet. Det er ønskjeleg at du har leiarerfaring og erfaring innan stillinga sitt ansvarsområde. Evne til god muntleg og skriftleg fremstillingsevne er viktig.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.

Søk her

Kontaktpersonar:

Gunnar Søderholm

tlf: +47 57655789

mob: +47 95259709