Byggjeleiar, Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist01.03.2015

Vil du jobbe med investeringsprosjekt?

I Statens vegvesen Region vest, Vegseksjon Bergensområdet, har vi ledig stilling som byggjeleiar innan investeringsområdet.

Seksjonen løyser store og små investeringsprosjekt, samt driv vedlikehald av riks- og fylkesvegane i Bergen og 7 tilstøytande kommunar. Vi er i dag om lag 50 tilsette.

Seksjonen står framfor mange spennande utfordingar i tida framover, og det vil vere mange moglegheiter for den som vert med på laget . Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi set pris på arbeidsglede, godt humør og openheit. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit stort byggjeprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av ein entreprisekontrakt i prosjektet. God fagleg tyngd frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

Du skal leie byggjeførebuingane og utarbeide byggplan og konkurransegrunnlag leie utbygginga drive HMS arbeid utføre kvalitets- og kostnadskontroll ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar ha kontakt med pressa

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Kanskje har du allereie vore leiar for eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant. Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, helst innan bygg og anleggstekniske fag.

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B). Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattearbeid, må påreknast

Vi vektlegg:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • God samarbeidsevne og tverrfaglig interesse
  • At du aktivt er med å skape et trivelig og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktperson:

Arild Hegrenæs

tlf: +47 55516227

mob: +47 95088756

Vis flere stillinger: