Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Leikanger |
Søknadsfrist | 22.02.2015 |
I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør for driftskontraktar f.t knytt til Vegavdeling Sogn og Fjordane, vegseksjon Sogn, med kontorstad på Leikanger. Stillinga inngår i den regionale Byggherrepoolen.
Aktuelle arbeidsoppgåvene vil vere:
- Ta del i prosjekteringsarbeid og utarbeide konkurransegrunnlag for prosjekt.
- Ta del i anbodsprosess
- Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
- Rapportera og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi
- Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
- Avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak
- Kontakt med kommunar og grunneigarar
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Vi legg vekt på:
- Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kjøp og kontrahering
- Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- At du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
- Gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
- Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr også desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Søknad:
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Dersom du synes stillinga høyres spennande ut, sender du søknaden via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb.
Kontaktpersonar:
Eivind Yttri
tlf: +47 57655799
mob: +47 90830854
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Leikanger
- Fylke Sogn og Fjordane