Serviceansvarleg driftsteknikar Madla - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdanning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du og gjer. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektorens eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvarets særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, vi er heim for menige og befal, og vi medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist08.02.2015

Marknadsområde Vest søker serviceansvarleg driftsteknikar for lokasjon Madla.

I stillinga som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt fremste kontaktpunkt mot leigetakarar og brukarar av eigedomane. Du skal sørgje for at brukaren sitt behov for tilfredsstillande EBA-løysningar heile tida vert ivareteken. Du skal uoppfordra identifisere og ta initiativ til at feil og manglar vert retta opp – og utan opphald formidle

og følgje opp gjennomføringa av henvendingar du ikke sjølv kan ta stilling til.

Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ønskjer derfor ei verksemd der tilsette sin alder, kjønn og etnisitet er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver

  • å sjå til at den tildelte delen av bygg- og anleggsmassen innan marknadsområdet til ei kvar tid fungerar m.o.t. lover og forskrifter og som avtalt i leigeavtale ved overlevering.
  • du er ansvarleg for at leigetakar og brukar har ei oppleving av at alle henvendingar om eigedomane sin avtalte funksjon og tilstand vert ubyråkratisk fylgd opp og løyst.
  • basert på delegert fullmakt, skal du iverksette og løyse fortløpande driftsoppgåver som førebyggjer klager på bygg og anleggsmassen sin tilstand og funksjonalitet.
  • etter innhenta fullmakt, skal du iverksetje og løyse driftsoppgåver som går utover omfanget av avtalte forpliktingar om oppretthalding av tilstand og funksjon.
  • utover husleigeavtalen, skal du ivaretake brukars oppgåver m.o.t. vertskapsavtale med kunden.
  • i samarbeid med kundens representant i eigendomen (bygget m.v.), er du ansvarleg for å delta i informasjons- og opplæringsaktivitetar som skal sikre at brukaren ter seg slik at anleggas funksjonalitet vert ivareteken til lågast mogeleg driftskostnad.
  • du er ansvarleg for å opprette direkte dialog og telefonisk kontakt med dei reinhaldarane som har det løpande reinhaldsansvaret, slik at alle feil, manglar og behov vert fanga opp og løyst, der reinhald er ein del av ansvaret vårt i din EBA.
  • å sjå til at reglar og rutinar for innmelding av arbeidsordre vert overhalden og motivere representanten frå kunden og brukar for val av løysning.
  • alle driftsteknikare kan påleggjast arbeid ved andre avdelingar i marknadsområdet etter førevising frå leiar D/V, innan ramma av den enkelte sitt kompetanseområde
  • ivaretake løpande kontakt og dialog om status med representantar frå kunden og brukarar av bygg og eigedomsmasse.
  • innan eigen kompetanse sjølv eller i samarbeid med andre, utføre oppgåver innan drift og vedlikehald av bygg, anlegg og tekniske installasjonar.
  • formidle og følgje opp oppdrag utanfor eige kompetanseområde.
  • følgje opp tildelte arbeidsordre.
  • utføre ettersyn og løpande drift av tildelt EBA med tekniske anlegg (SD, brann m.v.). Føreta all regelmessig registrering av forbruk innan drift.
  • følgje opp internkontroll av tekniske anlegg.
  • følgje opp drifts- og vedlikehaldsoppdrag utført av eksterne leverandørar. Bidra med innspel til drifts- og vedlikeholdsplanar.
  • instruere/lære opp kunden sin representant og brukarar i bruk av eigedomen og anlegga.
  • etter avtale delta i heimevaktordning.
  • formidle kunden sitt behov for vertskapstenester og utføre/følgje opp tenesta etter avtale.
  • delta i tverrfagleg samarbeid i marknadsområdet.

Kvalifikasjoner

  • 3-årig vidaregående utdanning eller tilsvarande.
  • fagbrev innan relevant fagfelt.
  • lang relevant praksis kan kompensere for formell utdanning.
  • førarkort klasse B.
  • vaktmeisterskule eller tilsv. (ønskeleg, kan takast etter tiltreding i stillinga).
  • grunnleggjande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy.
  • erfaring frå drift og vedlikehald av EBA.
  • ønskeleg med erfaring innan VVS/ maskinteknisk


  • Stillinga rapporterar til leiar driftsservice


  • Sikkerheitsklarering for hemmeleg må gjennomførast ved tilsetjing.

Personlige egenskaper

  • utadvendt og motivert.
  • tyddig og representativ åtferd

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • løn som driftsteknikar (kode 1136) iht Statens lønsregulativ
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • bedriftshelseteneste

Søk her

Kontaktinfo:

Jermund Flaskerud - Avdelingsleiar driftsservice - 479 78 462

Vis flere stillinger: