Byggeleiar elektro Ryfast

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist22.02.2015

Vil du ta del i bygginga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel?

Statens vegvesen søkjer byggeleiar elektro til bygging av eit av Norges største samferdsleprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og bygging er i gang for Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen.

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger og er planlagt ferdigstilt i 2019. Stillinga er fast i Statens vegvesen, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

E39 Eiganestunnelen inneber ny tunnel frå Motorveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen og ny veg frå Byhaugtunnelen og Eiganestunnelen til Smiene.

Prosjekt Eiganestunnelen er delt inn i to hovudentreprisar:

  • Eiganestunnelen: Ny tunnel frå Schancheholen og Madlaveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen, med tilhørande konstruksjonar og veg i dagen
  • Daganlegg Tasta: Dagsone med nye vegar og ny bru mellom tunnelen og Smiene.

Rv. 13 Ryfast er nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og rv. 13 i Strand kommune. Hensikta er å etablere fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren og nytt fastlandsamband til Hundvåg frå Stavanger.

Ryfast er delt inn i to hovudentreprisar:

  • Ryfylketunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Siste del opp mot Hundvåg ligg i entreprisen for Hundvågtunnelen. I tillegg kjem naudsynte element og tilpassinger ved daganlegg på Solbakk
  • Hundvågtunnelen: 6,9 kilometer undersjøisk tunnel under Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger (inkl. ca. 1,2 km fellesstrekning med E39 Eiganestunnelen, samt element og tilpassinger ved daganlegget på Hundvåg)

I tillegg kjem fleire store entrepriser for elektro og trafikkstyringssystemer.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein byggjeleiar som kan løyse utfordringane i eit stort byggjeprosjekt. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa og evalueringa av elektrokontraktar i prosjektet. God fagleg tyngd frå byggjeleiing er ein føresetnad, men det er like viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.

  • rapportering og tett samarbeid med prosjektleiar, delprosjektleiarar og byggeleiarar for vegentrepriser
  • teknisk og økonomisk oppfølging av kontrakt med elektroentreprenør
  • drive HMS
  • arbeidsleiing av kontrollingeniørar
  • tekniske avklaringer
  • handtering av fråvik, tillegg og endringar
  • oppfølging av framdrift og kontrollplanar
  • sluttdokumentasjon

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Kanskje har du allereie vore leiar for elektrokontraktar på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.

Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:

Gunnar Eiterjord

mob: +47 91877089

Vis flere stillinger: