Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 22.02.2015 |
Plan- og forvaltningsseksjonen i Stavanger søkjer etter deg som vil arbeide med planlegging i Sør-Rogaland. Vi er 23 engasjerte og kompetente medarbeidarar, i hovudsak sivilingeniørar, ingeniørar, samfunnsvitarar og fagarbeidarar. Våre hovudoppgåver er planansvar for vegprosjekt, kollektiv- og g/s-tiltak, miljøtiltak, trafikksikringsarbeid og uttalar til kommunale arealplanar.
Nasjonal transportplan, fylkesvegplanen til Rogaland fylkeskommune og arbeidet med nye bompengepakkar på Jæren legg alle opp til ein stor satsing på infrastruktur dei kommande åra. Det vil satsast så vel på nye vegar som gode kollektivløysningar og tiltak for gåande og syklande. Bussvei 2020, Sykkelstamveg Stavanger-Forus–Sandnes og E39 Hove-Ålgård er nokre eksempel på større prosjekt som vi i dag har ansvar for.
Vi ynskjer no å styrke oss med ein planbestillar som er interessert i, og har erfaring med, planlegging, gjerne i bynære område.
Kva skal du jobbe med?
Statens vegvesen planlegg riks-/og fylkesvegprosjekt på alle plannivå. Planbestillarar er prosjekteigaren sin representant ved gjennomføring av kommunedelplanar og reguleringsplanar. Som planbestillar får du ansvar for å definera innhald i prosjekta og ha ei tett oppfølging av dei som utfører planlegging for våre prosjekt. Planbestillaren skal sjå til at prosjekta når dei måla som er sett, både i forhold til innhald og tidsbruk. I rolla som planbestillar vil du ha utstrakt kontakt med kommunar og Rogaland fylkeskommune, og du vil vera ein viktig bidragsyter i etaten sitt arbeid med effektiv planlegging.
Du vil saman med dei andre planbestillarane på seksjonen også vera ein avgjerande ressurs for den strategiske og samanhengande planlegginga av vegnettet.
Arbeidsoppgåvene vil utførast i tett samarbeid med prosjektleiarane, dei andre planbestillarane og fagansvarlege på seksjonen. Alt etter di og dei andre planbestillarane si erfaring og interesse, samt seksjonen sitt behov, vil prosjektoppgåvene avpassast. Det kan i tillegg bli aktuelt med andre plan- og trafikkfaglege oppgåver innanfor seksjonen sitt verkeområde.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg med bachelor- eller mastergrad, innafor relevant fagområde.
Det er vidare ynskjeleg at du har
- Erfaring innanfor arealplanlegging og samferdsle, i offentleg eller privat sektor
- Erfaring med, og interesse for, veg-, gange-, sykkel- og kollektivtiltak
- Interesse for trafikksikkerheitsarbeid
- God kommunikasjonsevne munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
For deg som har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.
Vi kan mellom anna tilby
- Ein arbeidsplass med stor takhøgd, godt fagmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- Særs god moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
- Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2% til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse
- Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
- Fleksitid
Ein god og mangfaldig arbeidsplass
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.
Søknad
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)
Kontaktpersonar:
Lisa Garpe
mob: +47 91323718
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland