Illustrasjonsfoto

Risa i gang på Raglamyr

Risa AS startar no arbeidet med å utvida fylkesveg 47 på Raglamyr i Haugesund frå to til fire felt.

Jærbedriften går i gang med skilting og klargjering på Raglamyr.

Det er strekninga mellom Deco-bygget og Coop Obs Bygg like ved Amandasenteret på Raglamyr som skal utvidast frå to felt til fire felt. Det er 80 meter som truleg byr på ei real utfordring når anleggsarbeidet set i gang.

- Området blir ope for vanleg trafikk gjennom anleggsområdet i mesteparten av byggeperioden, men det kan bli stengt i korte periodar, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Einar Færaas.

Prosjektleiaren seier at trafikantane må førebu seg på kø. Det køyrer om lag 30.000 bilar i døgnet på vegstrekninga. Difor blir det trongt om plassen når vegen skal utvidast samstundes som gåande, syklande og køyrande skal passere.

Det kjem til å bli mange endringar i gang- og køyremønster undervegs. Difor er det viktig at trafikantar følgjer nøye med på skiltinga, for det kan bli endringar titt og ofte etter kvart som arbeidarane må flytte på seg for å utføre dei ulike delane av byggeprosjektet.

For å sleppe unna er det mogleg å nytte omkøyring.

- Vi vil på det sterkaste anbefale bilistar som har høve til det å nytte omkøyring anten via Raglamyrsveien og undergangen like vest for Barnas hus og Staples, eller køyre via Norheim-Raglamyr for å sleppe heilt unna, oppmodar Færaas.

Prosjektet skal vere ferdig til november 2015.