Ny administrerande direktør ved Nordvestvinduet

32-åring tek over som sjef i Nordvestvinduet.

Rune Sætren (32) har no teke til i stillinga som ny adm. dir. ved Nordvestvinduet AS etter at Jonny Almenning (50) døydde 19. november 2014 etter ei tid med sjukdom.

Nordvestvinduet AS sysselset i dag kring 80 personar og er med det ei av dei største private arbeidsgjevarane i distriktet vårt.

Sætren kjem frå stillinga som avdelingsleiar i Veidekke Entreprenør avd Sandane og har før det jobba som prosjektleiar ved M. Kristiseter AS i Ålesund. Han er ingeniør i bygg og konstruksjon, og har god kjennskap til Nordvestvinduet AS gjennom å ha jobba der ved høve sidan han var unggut.