Rådgjevar med handverkskompetanse

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

Forsvarsbygg nasjonale festningsverk har fått i oppgåve å forvalte, bevare og utvikle festningsverka. Festningane førast inn i ei ny tid , og med respekt for dei historiske omgjevnadane og festninganes verdigheit utviklast dei til attraktive arenaer for kultur, næring og opplevingar.


FirmaForsvarsbygg nasjonale festningsverk
FylkeOslo
Søknadsfrist18.01.2015

Forsvarsbygg nasjonale festningsverk er ei eining i Forsvarsbygg som forvaltar vernede og fredete festningsanlegg og gir kulturminnefaglege råd. Rådgjevingstenestene er organisert i seksjon kulturminne, som i dag har 17 medarbeidare, med ein stor fagleg bredde. I tillegg samarbeider vi med andre avdelingar i Forsvarsbygg innanfor mellom anna miljø, plan og prosjektering. Seksjonen legg vekt på samspel mellom mange fagområder, med særleg vekt på å få inn handverkerkompetanse på rådgjevarsiden. Historiske murarbeider er vår spesialitet og vi ynskjer å utvikle dette feltet ytterlegare. Vår profil er å vere kundeorientert og tilføre kunden kunnskap gjennom vårt arbeid. Vi søkjar difor ein ny medarbeidar med praktisk bygningsvern erfaring innanfor utøvende murerhåndverk, rådgjeving og prosjektering. Stillinga er mellombels for eit år frå tiltredelse, med moglegheit for forlenging og/eller fast tilsetting.

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfagleg arbeid, mangfald og likestilling. Vi ønskjer derfor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom si personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentlighetsloven – jfr særleg Offentlighetslovens § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • kulturminne- og murfagleg rådgjeving
  • tilstandsanalyser
  • prosjektering og praktisk byggeplass oppfølging
  • historisk mørtelbruk og byggverk i mur
  • praktisk bygningsvern innan tilliggjande byggfag
  • fagleg og administrativt ansvar for eigne prosjekter med støtte av andre gjennom team arbeid

Kvalifikasjonar

  • Det vert kravd praktisk handverkerkompetanse innan murerfag. Videre er det ynskjeleg med byggfagleg kompetanse innan arkitektur, ingeniørfag eller liknande.
  • Gode kunnskaper i norsk muntleg og skriftleg er nødvendig. Det vil bli lagt vekt på rådgjevarkompetanse og spesialisering innan historisk murverk og bygningsvern.
  • Det blir føresett tryggingsklarering.

Personlege eigenskapar

  • team og samarbeidsorientert
  • deler kompetanse og kunnskap
  • opptatt av fagleg utvikling
  • tek initiativ og ansvar

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgjevar eller overingeniør (kode1434/ 1087) iht Statens lønnsregulativ
  • Gode velferdsordningar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gunstige bustadlån i Statens Pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode høve for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Søk her

Kontaktinfo: Christian Borhaven (+47) 957 08 299


Vis flere stillinger: